Spor-nytt i LHK

Det vil bli søkt om ordinær blodsporprøve i regi av Luster hundeklubb 22 juli og 11. august 2013.

Klubben har fått fire nye viltsporchampions i juli-august!

Fire med 1. premie og ein med 3. premie på blodsporprøven i Fortun 25 juni
Prøvevinnar Laila Røneid m NVCH Desperados Zelda (1. pr. m HP), delt andre plass på Eva Røneid med NVCH Narjanas Filosophia og Ann-Kristin Teigen med Be-Maja's Costa Rica (som vart champion) - begge med 1.premie. og 1. premie også til Linn med Hedda. Bak dommar Andreas Otterhjell.

Luster hundeklubb arrangerte ordinær blodsporprøve 23 juni

Me har hatt ein vellukka sporprøve i dag med 10 startande hundar for dommarane Nils Bjørkavåg og Torbjørn Frostad. Resultatet vart 5 x 1. premie, 3 x HP, 2 x 2. premie, 1 x 3. premie og 2 x 0.

Premielista:
Nr. 1 med HP: Hjortesporets Ekko (norsk elghund, svart) til Sebastian Reigstad.
Nr. 2 med HP: Anskar av Halbari (basset houbnd) til Åse Brevik.
Nr. 3 med HP: NUCH Be Maja`s Costa Rica (pincher) til Ann-Kristin Teigen

Urangert:
1. pr: NVCH Desperados Zelda (engelsk springer spaniel) til Laila Røneid.
1. pr: NVCH Westaway Lesley Waters (engelsk springer spaniel) til Britt Øen Halbrendt

2. pr: Desperados Aya (engelsk springer spaniel) til Inger Handegård
2. pr: RLD N SE VCH Bag in Box til Bjørn Hagen

3. pr: KBHV KORAD LPI NORD VCH SEVCH Asketvetens Ebony (pincher) til Bjørn Hagen.

0: Carl-Hermans Ulva (wachtelhund) til Einar Ese
0: Musse (dansk-svensk gårdshund) til Ronny Fossøy

Luster hundeklubb arrangerte ordinær blodsporprøve 20 juni
Det var ein ettermiddagsprøve med fem spor + reservespor. Takk til sporty dommar Arvid Solheim som stilte på kort varsel og til sporleggjarar. Det var nok bra med vilt i sporområda, for resultatet vart 4 x 0 og 2 x 1. premie. Det starta to springere, ein labrador, ein sheltie, ein dansk-svensk gårdshund og det var ein strihåra dachs på reservesporet.

Stor gratulasjon til Eva Røneid med NVCH Narjana`s Filosophia som vart prøvens beste hund med HP. Desperados Aya med fører Inger Handegård gjekk til sin første 1. premie på ordinær prøve og vart prøvens 2. beste hund. Foto: Lars Gunnar Røneid.

Klubben arrangerar 3 blodsporprøvar i juni 2012:

Gjeld alle prøvane: Du MÅ melde på med alle opplysningar på godkjent skjema innan fristen for å få plass/vera med i trekninga om å komme med. du kan vente med å betala til du har fått bekrefta plass eller prøvedagen. Påmeldinga er bindande, så påmeldingsavgifta vert krevd inn sjølv om du ikkje møter, med mindre klubben får beskjed i god tid og kan kalla inn hundar som står på venteliste.

Klubbens kontonr.: 3785.60.19781 Pris for prøve er kr. 350.-

Her finn du fullstendig terminliste og påmeldingsskjema til prøve.

Prøve 1: onsdag 20. juni - truleg ettermiddagprøve
Påmelding til Inger Handegård, Gardavegen 17a, 6868  GAUPNE
luster.hunde@klubb.nkk.no  Ref nr. 25-12046

Dommar: Kari Aasgaard, Vågåmo
Begrensa påmelding - 5 ordinære spor + eit reservespor.
Siste påmeldingsfrist: 20.05.2012

Prøve 2: laurdag 23. juni
Påmelding til Ronny Fossøy, Røslebakkane 19b, 6868  GAUPNE
ronnyfossoy@hotmail.com  Ref. nr. 25-12048

Dommarar er Nils Bjørkavåg og
Torbjørn Frostad.
Begrensa påmelding - 10 ordinære spor pluss reservespor. 
Siste påmeldingsfrist: 23.05.2012

Prøve 3: mandag 25. juni  - truleg ettermiddagsprøve
Påmelding til Torill Otterhjell, 6877  FORTUN
syttro@online.no  Ref nr. 25-12050

Prøven vil gå i Fortun med dommar Anderas Otterhjell.
Begrensa påmelding - 5 ordinære spor + eit reservespor.
Siste påmeldingsfrist: 25.05.2012

Klubben det er høve til å gå bevegeleg blodspor i kommunen frå 1. mai:

Arrangør er Norsk Spaniel Klub avd. Sogn og Fjordane. Ta kontakt med Inger Handegård, tlf: 918 35 324, for meir informasjon.

 

Blodsporprøve i Fortun onsdag 13.07.2011
Dommar og NKK rep. Andreas Otterhjell. Prøveleiar Torill Otterhjell. Sporleggarar Andreas og Torill Otterhjell.

Det var 7 startande hundar inkludert reservehunden. Det vart utdelt 6 x 1. premie, 3 x HP og 1 x 2. premie.
Imponerande resultat, med andre ord! Som tidlegare år har Andreas og Torill gjort ein glimrande jobb og laga ein flott prøve. Denne gongen hadde me også to danske deltakarar.

Prøvens beste hund labrador retriever SEVCH Brown Hunt`s Dusty til Peter Kristensen, Danmark
Nr. 2 engelsk springer spaniel Desperados Zelda ført av Lars Gunnar Røneid, Årdalstangen
Nr. 3 engelsk springer spaniel NSVCH Desperados Tingeling - denne gongen ført av Anne Katrine Bøyum, Leikanger

Øvrige med 1. premie (urangert):
engelsk springer spaniel NVCH Desperados X-File til Håvard Heimtun, Svelgen
labrador retriever NVCH Narjana`s Filosophia til Eva Røneid, Gaupne
labrador retriever SEVCH Brown Hunt`s Puzzel til Søren Condrup, Danmark

2. premie til østsibirsk laika R/S Nero til Trond Rune Flikki, Luster

Begge dei danske labradorane og Zelda fekk den nødvendige premieringen for å verta NVCH på denne prøven - MEN då alle tre hundane manglar dei utstillingspremieringane som vert krevd for å få denne tittelen, må dei vente med championatsløyfe og tittel til desse premieringane er på plass.
STOR gratulasjon til mange flotte resultat og takk for eit flott arrangement.

For fleire bilete frå prøven sjå her.

Fire med 1. premie på blodsporprøven i Luster 23. juni
Frå venstre: Dommar Inger Handegård. Prøvevinner med HP: NVCH Merjano’s Ally McBeal. Førar: Marian Janet Nossen, Årland.
Nr. 2 med HP: NSVCH Desperados Tingeling. Førar: Elin Anita Gjerde, Leikanger.
Nr 3: NVCH Merjano’s Barbie Girl. Eigar: Søren Ørbeck Mo, Lærdal.
Nr. 4: Desperados Zelda. Førar: Lars Gunnar Røneid, Årdalstangen. Dommar Helge Alme
2 hundar fekk 3. premie og 3 kom ikkje til sporslutt utan mykje hjelp og fekk 0.

Over: Alle som deltok på prøven unnateke Nero og Trond Rune Flikki

6. juni
Flott jubileumsprøve - 10 av 13 får 1. premie og 4 hundar får 1. premie med HP
Stor takk til dommarane Knut Jørstad, Oddbjørn Skauerud og Helge Alme og alle andre i klubben som hjelpte til med å få dette til å bli eit fint arrangement. Det er fyrste gong Nes har vorte brukt til standplass og kiosken bidrog med ca. kr. 700 til arrangementet!

Premieliste sporprøven

Nr. 1 med HP og klubbmeister
NVCH Desperados Venur  (engelsk springer spaniel)
Førar Andreas Otterhjell, 6877 Fortun

Nr. 2 med HP
NORDVCH Desperados Rochelle (engelsk springer spaniel)
Førar Inger Handegård, 6868 Gaupne

Nr. 3 med HP
NSVCH Desperados Tingeling (engelsk springer spaniel)
Førar Elin Anita Gjerde, 6863 Leikanger

Nr. 4 med HP
Fjordgløtt Bonnie (engelsk springer spaniel) Førar Elin Anita Gjerde, 6863 Leikanger


1. premie til:

Nr. 5: Klauvfarets Beste Pippi (labrador retriever)
Førar Olav Hermansen, 6868 Gaupne

Nr. 6 og beste debutant:
Desperados Zelda (engelsk springer spaniel) Førar Laila Røneid, 6885 Årdalstangen

Nr. 7 og 2. beste debutant: Musse (dansk-svensk gårdshund)  Førar Ronny Fossøy, 6868 Gaupne

Nr. 8: Desperados Xmilla (engelsk springer spaniel)
Førar Inger Handegård, 6868 Gaupne

Nr. 9 og championat - 13 år gammel!!!: Gipsita's Gaia (labrador retriever)
Førar Eva Røneid, 6868 Gaupne

Nr. 10 og 3. beste debutant: Be Meja’s Costa Rica (pinscher) Førar Ann-Kristin Teigen, 6873 Marifjøra

2. premie til:

Nr. 11: Nero (østsibirsk laika) Førar Trond Rune Flikki,   6872 Luster

Nr. 12: Desperados Wells Fargo (engelsk springer spaniel)
Førar Lars Gunnar Røneid, 6885 Årdalstangen

Nr. 13: NVCH Mira (engelsk springer spaniel)  Førar: Vegill Rebni Kjer, 6868 Gaupne

Link til blogg på hunden.no om prøven med bilder finn du her

PM offisiell blodsporprøve 4. juni jubileumsprøve og klubbmeisterskap
Alle påmeldte hundar kom med på prøven då me fekk inn ein ekstradommar.
PM finn du her

16.mars 2011
Oppretting av undergrupper
På årsmøtet i Luster hundeklubb 2011 vart det gjort vedtak om å kunne opprette undergrupper i Luster hundeklubb. Desse undergruppene må organisere seg sjølve og må velja ein person som er gruppa sin kontaktperson mot styret. Gruppene har eit budsjett å halde seg til og må halde seg innafor dette. Gruppa må også skrive si eiga årsmelding som inngår i årsmeldinga til LHK.

Ein av budsjettpostane i LHK er spor. På denne sida vil det komme informasjon for dei som er interessert i å prøve spor med sin hund.  Alle er hjartleg velkommen - uansett alder og rase - uansett om du er nybegynnar eller har jobba med spor lenge.

Spor: Moro - nyttig - enkelt - billeg
Få ting er så nyttig for ein hund som det å gå spor. Ein hund som får brukt luktesansen sin og hovudet sitt, er mykje meir harmonisk og mindre stressa, enn ein hund som berre vert mosjonert. Sidan hunden alltid vert ført i line treng du ikkje ein gong ha kontroll over hunden din før du startar trening og du kan trene sjølv når det er bandtvang. Det du treng av utstyr er ei sporline og eit breidt halsband eller ein sporsele, nokre merkeband og nokre godbitar og leiker. Skal du trene blodspor treng du også blod (matblod) og ei ketsjupflaske til å leggje sporet med. I enden av sporet skal det vera ein viltdel, men du treng ikkje denne i starten av trening.

Blodspor, ferskspor og godkjent ettersøkshund
Klubben har i mange år arrangert blodsporprøvar og fersksporprøvar med det mål å utdanne ettersøkshundar for bruk på skada hjortevilt. I dag har Luster kommune mange godkjende ettersøkshundar og mange av ettersøksekvipasjane har også gjort det utmerka på blodsporprøvar i konkurrane med alle andre rasar i heile Sør-Norge. Klubben har mange viltsporchampions. Klubben har arrangert mange kurs i spor og hatt spor som tema på mange medlemsmøte. Blodspor er ei fin og nyttig sysselsetting for dei aller fleste hundar, sjølv om eigaren ikkje er interessert i jakt eller rasen er uvanleg som ettersøkshund. Prøvane er åpne for alle rasar. Klubben har også tre dommarar som dømme blodspor og ferskspor.

 

Brukshundspor eller menneskespor
Dette kan vera starten på treninga mot det mål å få ein godkjent ettersøkshund, det kan vera ei fin sysselsetting for ein vanleg familiehund, det kan vera ein del av godkjenninga for å få ein redningshund (søkshund), ein politihund eller det kan vera ein del av fleire ulike brukshundprøvar der spor inngår som ein del av konkurransen. Luster kommune har i dag ingen politihundar, ingen redningshundar og berre nokre få har deltatt på brukshundkonkurransar der spor inngår i programmet. Desse prøvane er åpne for alle rasar. Ein har opprykk til klasse B-brukshundprøve (NBF). LHK har arrangert nokre få kurs som retta seg mot brukshundspor - så her har klubben enno eit stort potensiale dersom det er interesse for det.

Det fine med både blodspor og menneskespor (brukshundspor) er at hunden vert ført i line. Dette betyr at ein alltid har hunden under kontroll og at ein kan trene spor heile sommaren også i utmark der det går husdyr på beite.

Slepespor som ein del av ein jaktprøve
Nokre jaktprøvar har spor som ein del av prøven. Dette gjeld bl.a. kombinertprøvar for ståande fuglehundar og jaktprøvar for spaniels. Spora er slepespor med vilt og hundane skal fylgje sporet utan line og skal finne og apportere viltet attende til eigaren. Til no har ikkje klubben arrangert kurs/trening for denne kategorien av hundeeigarar, men det kan me gjera dersom det er interesse for det og me har vilttilgang. sidan hundane er lause under denne treninga må me også trene på stader der det ikkje er vilt eller husdyr. Klubben har ein trinn I instruktør jakt og har ein dommar for jaktprøver der spor inngår.