Skrytesida

Her finn du resultat oppnådd av medlemmene våre på ulike prøvar og utstillingar
Dette er bilete og resultat som medlemmene sjølve sender inn!

2013

Me gratulerer Lustrahundane med flotte premieringar i agilityringen på Voss
og 3 x NKK-cert ved NKK-Bergen

 

2012

NS VCH Desperados Zelda var i Sverige 6. august og fekk der 1. premie med HP på blodsporprøve og kan no smukka seg også med svensk tittel. Ho deltok også på NM-blodspor 4. august og fekk ein 1. premie.
Eigar og førar er Laila Røneid

Me gratulerer

7. juli gjekk Rettholtens Cantilly Bluegirl "Kiwa" til sin tredje 1. premie på Jetta Hundeklubb sin blodsporprøve i Vågå. Ho kan dermed smykke seg med tittelen Norsk Viltsporchampion, og er einaste sheltie med den tittelen i Norge idag! Eigar og førar er Mona Nyløy

Desperados Aya fekk sin viltsporchampionat-tittel i Førde 6. juli
Eigar og førar er Inger Handegård

Desperados Aya til Inger Handegård vann stor-certet og vart best i rasen av 42 springere på spanielklubben si hovudutstilling. Ho vart også BIS-veteran og BIS-2 totalt.

MANGE flotte resultat frå helgas utstilling, agility og lydigheit i Naustdal!
Sjå bilder, resultat og kritikkar på klubben si facebook-side.

Marianne og Vikki er i verdenstoppen i freestyle!!!
Nordisk Meisterskap 2011: Dette var fyrste gong at Noreg var representert i dette mesterskapet som gjekk av stabelen i november på den store hundemessa på Lillestrøm, DOGS4ALL. Det var både lagkonkurranse og individuell konkurranse. Kvart land stile med 4 deltakarar. På kvalifiseringsrunden laurdag var Marianne og Vikki nr. 4 etter Sverige sine to og Finland. Poengsummen var imponerande 27,27.

Under finalen dagen etter var det 8 som starta, og Marianne var den einaste frå Noreg. Nervene var i spenn då Marianne og Vikki entra den store ringen der tribunane var fullstappa med tilskodarar. Poengummen vart 26,93 og Marianne og Vikki vart med dette nummer fem i det nordiske mesterskapet! Som beste nordmann var ho også med dette kvalifisert til å delta på det internasjonale mesterskapet på verdast største hundeutstilling. Utstillinga er Crufts i England som vert arrangert i mars.
Sjå bilder og video frå DOGS4ALL her

Internasjonalt meisterskap 2012: Marianne og Vikki køyrer til England er nummer to i ringen av dei 15 landa som deltek. Ringen er kjempestor, tribunane er fullstappa og konkurransen vert sendt live via youtube over heile verda. Programmet til Marianne og vikke er det same som under nordisk meisterskap. Poengsummen vert 22.17. Lenge held Marianne seg på pallplassen, men på slutten kjem det inn nokre svært gode deltakarar og Marianne og Vikki endar til slutt på 7. plass – noko som er ein fantastisk prestasjon! Vant gjorde Frankrike med Skotland og Tsjekkia på andre og tredje plass.

Vikki heiter på papiret Memory of Sara af Sea Perto. Vikki er enno ung, og vil enno utvikle seg mykje. Det vil derfor verta spennande å sjå kor langt Marianne og Vikki kjem i framtida. Dette var starten – kvar endar det, skal tru?

Her kan de sjå Marianne (og alle dei andre) på verdsmeisterskapen (ho er nr. 2)
 og her vinnaren

NORD VCH Desperados Rochelle (Chelly) er kåra til årets sporhund i Norsk Spaniel Klub

Spanielklubben er ein av dei større raseklubbane i Norge med 2.500 medlemmer. Konkurransen om årets sporhund er knallhard, men Inger og Chelly kunne etter NM-plasseringa dra i land årets sporhund.

To andre Lustrahundar kom på delt 3. plass!

Det er NSVCH Desperados Tingeling til Elin Anita Gjerde og NVCH Desperados Zelda til Laila Røneid.

 

 

 

 

 


 

2011

1. premie med HP på spor og godkjent etetrsøkshund
Mona Nyløy og sheltien Kiwa har gjort det skarpt på spor. Først fekk dei 1. premie med HP på spor og så vart dei godkejnt som ettersøkshund 22 september.

3 x viltsporchampion i løpet av ein månad
 

NVCH Desperados Xmilla
Eigar: Inger Handegård
3 x 1. premie, 2 x HP på spor
Godkjent jaktanleggsprøve
Godkjent apportprøve AK
3. pr LP II
Red. cert og fleire CK på utstilling
 
NVCH Desperados Zelda
Eigar: Laila Røneid
8 x 1. premie spor, 3 x HP
Fleire gode plasseringar
Appellmerke LP
Fleire CK på utstilling

 
NVCH Desperados Fargo
Eigar: Lars Gunnar Røneid
3 x 1. premie på spor
Godkjent ettersøkshund
Godkjent jaktanleggsprøve
Godkjent apportprøve BK
Appellmerke LP
2 x cert og BIM på utstilling


Klubbmeistaren vår i lydigheit, Eva Røneid med NVCH Narjanas Filosophia fekk 1. premie i lydigheit klasse I på Gjøvik i helga. Me gratulerer!

Nr. 2 på NM i blodspor!

NORDVCH Desperados Rochelle og Inger Handegård vart nr. 2 på NM i blodspor etter ein spennande omkamp. Les meir i to artiklar - artikken 1 - artikkel 2. NSVCH Desperados Tingeling og Elin Anita Gjerde gjorde det også svært bed med ein solid 1. premie og 3 av 6 kryss på utmerka på kritikken. Kennel Desperado hadde 5 hundar med på dette NM-et og alle fekk 1. premie.

Ny godkjent ettersøkshund
Ville skryte og si gratulerer til Ronny Fossøy & Ossi som nå er godkjent ettersøkshund etter bestått fersksporprøve 07.08.2011
Veldig stolt og glad i dokke!!

Klem fra Viljar & Stine

Springersuksess på Nesbyenutstillinga
11 springere påmeldt - 3 av desse kom frå Sogn.
Desperados Aya (foto over) var den som gjorde det best med cert og BIR lørdag og 3 BTK med CK søndag
Desperados Xmilla fekk 2 x CK og vart 4 btk lørdag og 2 btk med res cert søndag.
Fjordgløtts Bonnie fekk excellent lørdag og CK og 4 btk søndag.
 

4 x HP på blodsporprøve på 6 startar på
NSVCH Desperados Tingeling og Elin Anita Gjerde
Ein imponerande innsats!
Ikkje nok med det, dei har også klart 3. premie i lydigheit klasse II og har excellent på utstilling.

 

Elin si andre tispe, Fjordgløtt's Bonnie har klart cert på utstilling, 2 x 1. premie og 1 x HP på spor og godkjent jaktanleggsprøve or spaniels.

Godkjent jaktanleggsprøve også til Desperados Wells Fargo og førar Laila Røneid.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Desperados Xmilla og Inger Handegård klarte 3. premie i lydigheit klasse II og vart nr. 3 i klassen på Frya i Gudbrandsdalen.

3 hundar og førarar debuterte på agilitykonkurranse i Naustdal
Bilde viser Emma & Busy, Stine & Ossi og Ann-Kristin & Costa som har debutert i agility på stevnet i Naustdal 30.04.2011 

NORD VCH
Desperados Rochelle
er kåra til mest allsidige og mest lydige hund i Norsk Spaniel Klub 2010
Norsk Spaniel Klub har i overkant av 2000 medlemmer fordelt over heile landet.
Chelly vant med 1, 2 og 3. premie i lydigheit klasse III, 3 x 1. premie på blodspor, 2 x HP og nr. 4 i NM blodspor 2010.
Frå før har Chelly to x cert på utstilling og ho har CK og stod ein plass frå certet på NKK-utstilling.
Ho har godkjent jaktanleggsprøve og jaktprøve del I (apportprøve). Ho er godkjent ettersøkshund.
Ho har godkjent i klasse C på brukshundprøve - spor NBF og er mor til tre kull.
I tillegg er ho norsk - svensk - finsk viltsporchampion = nordisk viltsporchampion.
Eigar: Inger Handegård Fotograf: Mona Nyløy.

Marianne Aas og Vicki har debuttert og fått opprykk i Heelwork to Music
Dei to var på Mydog, den store hundeutstillinga i Gøteborg rett over nyttår. Sidan dette er ei ny konkurranseform starta alle 17 deltakarane i klasse 1 som er den lågaste klassen. Av desse 17 fekk 14 opprykk og Marianne og Vicki plasserte seg som nummer 8 av 17. Marianne fortel at dei bytta musikk så seint som fredag kveld og konkurransen gjekk søndag... Ekstra moro var det å sjå kor stor breidde det var i rasar. Av dei 14 hundane som fekk opprykk var det 3 border colliar, 2 mopsar, aussie, dansk-svensk gårdshund, labrador retriever, schäferhund, bichon havanais, welsh springer spaniel, klein spetz og groendael. Så dette er tydlegvis ein konkurranseform som alle rasar, frå stor til liten, kan vera med på!

2010

Dyktig gjeterhund på nordisk mesterskap for unghundar
Tom Idar Kvam og border collien Mist vart utteken til Nordisk finale gjeterhund - unghund - i Trelleborg i Sverige 27-28.november. Det starta 14 ekvipasjer frå kvart land. Plasseringa vart 15 plass individuelt og det norske laget vant samanlagt. Foto: Karin Mattson.

June Schancke har vore på utstilling
Her er resultater på mine hunder fra de 3 siste utstillingene vi har deltatt på. (Regner hele Nesbyhelga som 1) Vi har gjort det bra som du ser. Alle hundene er i mitt eie. Datteren min Borghild er “medeier” av Foxy og Ivy og setter sikkert pris på å bli ført opp som eier sammen med meg. Nesbyen 30.07.2010 Hallingdal Hundeklubb Dommer: Heidi Hagen Ivy( Proud Ivy Boffin Of Gamwich) BIM valp (helbror Playful Otto Boffin Of Gamwich ble BIR valp)  BIR valp BIG3 valp Nesbyen 31.07.2010, Irsk Ulvehundklubb Norge
Dommer: Ferdinando Asnoghi Foxy (Lovely Lily Baggins Of Gamwich) 1.AK 1.AKK CERT CK 2.BTK.
Nesbyen 01.08.2010 Norsk Terrier Klub Dommer: Kevin Brown Tilly (Roly Poly Tiffany Trophy) 1. AK 1.AK
Bergen 26.09.2010 Bergen Selskaps- Og Brukshundklubb Dommer: Hans Von Den Berg
Foxy (Lovely Lily Baggins Of Gamwich) 1.AK 2.AKK
Hugo (Farmarens Hugo Hamilton) 1.AK 1.AKK CERT CK 2.BHK BIR
Ivy (Proud Ivy Boffin Of Gamwich) BIR valp og BIG3 valp(BIG Dommer: Svend Løvenkjær)
I tillegg ble en tispe fra mitt oppdrett BIM med CERT (Sweet Chica Baggins Of Gamwich)
Hamar 10.10.2010 Norsk Kennel Klub Dommer: Elzbieta Chwalibog
Tilly (Roly Poly Tiffany Trophy) 1.AK 1.AKK CERT CK 2.BTK res-CACIB og NUCh
Hennes datter: Diamond Ruby Of Gamwich ble BIM med CERT og CACIB
Hilsen June Schanke
 

8. oktober
Tom Idar Kvam og Mist er kvalifisert til NM gjetarhund!
Tom Idar Kvam frå Hafslo er kvalifisert til nm i gjetarhund med Border collien "Mist". NM går av stabelen i Bø i Telemark 8-10 oktober. Mist er blant dei 4 yngste hundane som er kvalifiserte. Det er 100 hundar frå heile landet som er kvalifiserte. Dei 8 beste frå innleiande rundane fredag og dei 8 beste frå laurdag går vidare til finale på søndag. Mist er einaste "Sognehund" som er kvalifisert til NM. Frå fylket er også 2 frå Måløy og 3 frå Stryn kvalifisert. Mist er kvalifisert som 3. hund frå S&Fj., noko som er ein svært god prestasjon i seg sjølv!
Mist er ei 2 1/2 år gamal tispe som vart importert frå Wales i desember -09 som delvis trena. Ho har gått stabilt godt i heile år med ein 5. plass i Norgescupen som beste plassering. Målet for NM er ein finaleplass, men Tom Idar blir ikkje skuffa viss me er blant dei 40 beste.
http://nm.gjeterhunder.net/news.php

19. september
Stor gratulasjon til Marianne og Vikki som debuterte på freestylekonkurranse i helga med å få 1. premie, sølvmerket og nr. 1 i klassen. Her trenar dei agility.

9. september
Oddvin Kveane har fått to nye hundar for kadaversøk

Her er dei nye håpa. Dei skal trenes på blodspor og kadaversøk. Blanding av grå elghund og finnsk lapphund, skjølv om ein av og til skulle tru det var blanding av hoggorm og geit.

8. september
Desperados Xmilla har klart 1. premie med HP på bevegeleg blodsporprøve
Prøven var arrangert av Trøndelag Dachshundklubb og gjekk i Bymarka i Trondheim.
Dommar var Marvin Røstadli og førar var Inger Handegård. Les meir her.

8. september
Desperados Wells Fargo til Lars Gunnar Røneid og NVCH Narjana's Filosophia til Eva Røneid er no godkjente ettersøkshundar

29. august
Sessa har klart appellmerkeprøven - og det med ny rekord 170,5 poeng!

Sessa er ein snart 11 år gamal golden retriever. Dyktig fører er Marianne Aas.

22. august
Eva Røneid og labradoren Narjana's Filosophia fekk appellmerket i dag
Ho fekk 154 poeng og hadde 8 som lågaste karakter! Dommar var Inger Handegård

21. august
SVCH Desperados Tingeling på dobbel sporprøve
 Laurdag var ho på Sandane og søndag i Førde. Det vart 2 x 1. premie, 1 x HP og andre beste hund av 19 startande.

21. august
Fleire topp resultat frå Nesbyen-utstillinga
Tanja ( Sømaan´s Diplomatic Dreamflower ) BIR med CK og CERT. Dommer var Annamaria Tarjan. Eier Janicke Sundal.

16. august
Ann Kristin Teigen var på Oslo-dobbel
Laurdag: Be Meja's Costa Rica fekk 1.pr og vart nr. 2.i Juniorklassen. Asketveten's Ebony (Bizkit-mamma til Costa) fekk CERT, CACIB, BIM, Norsk Champion, Nordisk Champion og vart Crufts-kvalifisert. Kullsøster til Costa vant juniorklassen føre Costa og  vart også Crufts-kvalifisert.
Søndag: Be Meja's Costa Rica slo denne gongen kullsøstra og fekk CERT og vart andre beste tispe. Mora vart BIM og Norsk Vinner 2010.
Det var med andre ord ein kjempeflott utstilling med knallbra resultat for Be Meja's gjengen! Biletet viser Costa i ringen og frå venstre Costa til venstre, mamma Bizkit i midten og kullsøster Isis til høgre.     Mvh. Ann-Kristin

16. august
To frå Luster hundeklubb på NM blodspor 2010 - Inger og Chelly kom til finalen og vart nr. 4
Inger Handegård og NORD VCH Desperados Rochelle gjekk eit perfekt 1. spor og fekk 1. premie med HP og kom til finalen som ein av 5 hundar. Finalesporet hadde eit par "tekniske" problem som at det ikkje var oppspark på slutten og skanken hang i eit tre... Men i tillegg var Chelly litt ved sida av sporet då ho sjekka opp eit ferskt elgspor etter ku med kalv. Einar Ese med NVCH Astrospring's Io fekk fugl rett etter sporstart og hadde litt problem fram til 1. vinkel. etter dette gjekk det strålande og det haldt til ein god 1. premie. Totalt fekk 21 av totalt 30 startande hundar 1. premie og av desse fekk 9 hundar HP. Chelly er einaste hund som to gonger har komme med i finalen i dei to åra det har vore finaleomgang på NM blodspor. På biletet sit Eva Kvammen, Vassenden med NVCH Desperados Titicaca som fekk 1. premie - på benken samen med Einar Ese. Til høgre Inger og Chelly.

11. august
Fleire resultat frå utstillinga på Nesbyen
30/7: Winston La Todd av Aumset, cavalier, BIM kvalp 4-6 mnd
31/7: Trolldronningen`s Adorable Alba, Grand Basset Griffon Vendeen, 1 kval/1 konk
1/8: Trolldronningen`s Adorable Alba, BIR og 4. BIG.
Begge hundane er eigd av Anne- Ma(grit) Hov Molland

5. august
Lustrahund på utstilling på Nesbyen
Eg var på utstilling me Costa Rica på Nesbyen 31.07 og 01.08 med følgande resultat: 31.07: 1pr. HP, 01.08: 1.pr. CK.
Helsing Ann-Kristin

24.juli
Tre lustra-hundar på toppen av "hi-pallen"
Her er eit bilde av mine hundar som var på dachshundklubben sin hi-leir og deltok på norges største hi-prøve med 24 deltakar. Det har ikkje vore utdelt cert på 2 år, så det heng høgt. Nr 3 med 1 pr og cert og dermed jakt ch INT NSUCH NSJCH SVCH Parlour Glen Moray. Nr 2 med 1 pr og cert Akkis Dixi. Vinnar av prøven 1 pr og cert Klokkarsteinens Fløffy, 15 mnd gammal. Alle 3 er eigd av Jan Inge Skjerven Hafslo (Dessverre var ikkje bildet større enn dette. Inger)

9.juli
Desperado-springere på utstilling
Springerane Desperados Zelda og Desperados Wells Fargo til Laila Røneid og Desperados Aya og Desperados Vezla til Inger Handegård, var på NKK Trondheim. Zelda fekk 1. premie og vart nr. 3 i unghundklasse, Fargo fekk 1. premie og vart nr. 4 i åpen klasse. Aya fekk 1. premie og vart nr. 2 i juniorklasse og Vezla vant brukshundklassen med CK og vart 5. beste tispe. Det var påmeldt 44 hundar i rasen.

14.juni
Bølla har vore på kadaversøkskurs
Hei. Eg, Oddvin Kveane, var på kurs med Bølla i kadaversøk. Eg vart tipsa av en annen kursdeltager om å sjå på bloggen til instruktøren etterpå, og der fann eg denne fargerike beskrivelsen av Bølla. Les bloggen her.

28.juni
Resultat oppnådd av medlemmene våre
Springerane Desperados Zelda til Laila Røneid og Desperados Aya til Inger Handegård, var på dobbelutstilling på Oppdal. Zelda fekk 2 x 1. premie i unghundklasse og 1 x klassevinner med HP. Aya fekk 2 x 1. premie, 2 x HP og 2 x klassevinnar. Jane Nybø stilte den nye puddelen sin og fekk 2 x 1. premie.

24. juni
Ann-Kristin Teigen og Costa har vore på utstilling og på tur
Har Dei har vore både på Molden og gått Kongevegen. Trykk på navna for å sjå bileta. Dei var også på utstilling i Hokksund 20 juni på Pinscher-spesialen. Der fekk Costa 1.pr. og vart nr. 2 i klassen.

14.juni
Resultat oppnådd av medlemmene våre
Springeren NORD VCH Desperados Rochelle til Inger Handegård var berre 3. poeng frå ein ny 1. premie i lydigheit klasse 3 på Nordfjordeid laurdag. Dermed er Chelly og Inger i ledelsen om å verta kåra som årets lydigheitsspaniel i Norsk Spaniel Klub på landsbasis... Marianne Aas og aussien Memory of Sara av Sea Perto starta i agility begge dagar. Rett nok utan å gå til premiering denne gong - men det er kjempekjekt at nokon frå klubben vår startar å konkurrere også i agility. Me ynskjer dei lukke til vidare.

9.juni
Resultat oppnådd av medlemmene våre
Springarane NORD VCH Desperados Rochelle til Inger Handegård og NVCH Desperados Io til Einar Ese fekk begge HP på blodsporprøven i kommunen 5. juni. Dei er no godt kvalifisert til NM-blodspor. Labradoren Narjana's Filosophia (Freia) til Eva Røneid 1. premie og er dermed godt på veg mot eit viltsporchampionat. Les meir frå prøven og sjå bilete her.

30.januar 08
Snart godkjent ettersøkshund for bjørn i kommunen?
På grunn av bjørnen som var i Jostedalen for ei tid sidan reiste Bølla og eg til Elverum for å gå på kurs i ettersøk av skada bjørn. Det var mykje teori, en del skotplassundersøkelsar og ein ganske omfattande skyteprøve som gjekk på presisjon, hurtigskyting og bevegeleg mål. Men det eg vil skrive litt om her, er hunden og mentalitet/bjørnetesten på Østli hundesenter. Det var faktisk nokon som meinte det var godt det var hunden som skulle testast og ikkje eigaren... Eg hadde til å begynne med tenkt å ta med ein huskyblanding eg har, men så oppdaga eg ut at lydigheit var en del av prøven og at hunden skulle vera laus på en del av testane, så da måtte det bli Bølla i staden. Bølla er blanding av dachs, basset og border collie. Ho har eit ganske friskt gemytt og er trygg på seg sjølv, noko som kom godt med på prøven. Eg hadde aldri vore med på noko slikt før og hadde ikkje så altfor store forhåpningar då me starta. Bølla var fyrste hund som starta. Lydigheita gjekk bra og det gjekk sånn noke lunde i resten av løypa også. Eg var litt mellomfornøgd, men til min store overaskelse vart ho godkjent og fekk karakteren "anbefalt". Kor godt ho hadde gjort det vart eg fyrst klar over då alle dei ni andre hundane på prøven strauk! Det som skal til for å få ho ferdig godkjent som ettersøkshund på bjørn er ferskspor, blodspor og møte med bjørn for å sjå om ho tåler møtet. Dette vil Hedemark JFF ordne, så til våren reiser me til Orsa bjørnepark i Sverge, så da får me sjå om det blir nokon godkjenning på oss.
Helsing Oddvin Kveane og Bølla