Referat frå styremøter m.m. 

2012

Styremøte 29.03 - på Rådhuset kl. 19.00 - Konstituering av nytt styre.
Ligg her som PDF-fil

Styremøte 16.02 - på Rådhuset kl. 19.00 - Planleggingsmøte for 2012
Ligg her som PDF-fil

2011

Styremøte 13.10 - på Nes - ligg vedlagt som pdf-fil

Styremøte 11.08 - på Nes - ligg vedlagt som pdf-fil

Styremøte 28.06 - på Nes - ligg vedlagt som pdf-fil
Mange saker på dette møtet.

Styremøte 13.4 - på rådhuset - 18.30-19.00
Møtte gjorde: Inger Handegård, Helge Alme, Asbjørg Rebni, Ann-Kristin Teigen og Eva Røneid.

Sak 1: Midlertidig treningsområde
Det er ok at me trenar lydigheit utanfor spolebasen, på grusen der. Eva har avklara dette med LMI.

Sak 2: Lustramarknad
Eva har snakka med Alf Henning Evjestad som synes det er fint at me deltek og dei set pris på det. sidan me var tidleg ute får me truleg stand nær området der me set opp AG-bane. Maks kr. 200.- for stand. Eventuell freestyle vert på senen. Marianne er positiv, men måtte sjekka at ho var ledig. Asbjørg føl detet opp.

Sak 3: Klubbmeisterskap i lydigheit 14. juli med Yvonne Kevee som dommar
Inger har hatt kontakt med henne. Me før hennar forslag om poengfordeling som dei brukar i hennar klubb.

Sak 4: Kvelpekurs
Eva har hatt kontakt med Mona som vil ha kurs - men ikkje før etter konfirmasjonen og truleg i Fortun. Maks antal deltakarar.

Sak 5: Nes
Asbjørg og Inger orienterte om avtale med grunneigar. Ann Kristin startar arbeidet med å avvikle Kloppi.

Dugnadsorganisering
Det var liten vilje for å vera sjef for ein dugnadsgjeng, men takk til Jane som sa seg villig til å vera den første "dugnadsgeneralen".

Det er viktig at ALLE dugnadstimar vert registrert.

Dugnadsgeneral: Jane Nybø Torgersen E-post: kennel.urja@gmail.com Mobil: 91 72 84 93

Ansvar for avtale og planlegging: Inger Handegård E-post: kennel@desperado.no Mobil: 918 35 324

Ansvar for budsjett/rekneskap: Mona Listou: E-post: slistou@online.no Mobil: 95 85 76 16

Styremøte 28.3 - på rådhuset - 19.-00-21.30
Vigdis meldt fråfall grunna sjukdom
Møtte gjorde: Inger Handegård, Helge Alme, Mona Listou, Asbjørg Rebni, ann-Kristin Teigen og Eva Røneid.

Sak 1: Lustramarknad
Helge har hatt kontakt med Pyramiden. Asbjørg, Eva, Ann-Kristin og agilitygruppa arbeider vidare med prosjektet. sjå under.


Sak 2: Agilityutstyr og agilityaktivitet
Agilitygruppa er i gang med alternativt treningsområe fram til nytt område er klart.
Er i kontakt med utstyrsleverandør. Treng transport frå Stavanger. Agilitykurset 1-2 april har 8 påmelde og kurset er fullteikna - noko som er kjempebra!

Sak 3:
Arbeidsfordeling styret og grupper i Luster hundeklubb  vår 2011
 

Kva hovudtiltak/aktivitet

Meir detaljert

Kven har hovudansvar

Nytt treningsområde

Kontrakt/avtale

Inger Handegård og
Asbjørg Rebni

 

Planlegging / utforming

Inger Handegård

 

Medlemsmøte (13. april?) med organisering av dugnad

Helge Alme

 

Vedlikehald

 

 

Avslutte eksisterande treningsområde

Karen Moe

Kvelpesosialisering

Mars + April/mai

Inger Handegård

Kvelpekurs

Ynskje om kurs til våren

Eva Røneid spør Mona N

Lustramarknad 11 juni

Stand

Asbjørg Rebni og Eva Røneid

 

Aktivitet

Ann-Kristin Teigen + AG-gruppa

Agility

Agilitykurs

Ann Kristin Teigen

 

Agility trening

Agilitygruppa

Spor

Sporkurs avslutta 2010 kurs

Inger Handegård

 

Jubileumsprøve 4. juni

Inger Handegård

 

Sporprøve 23. juni

Inger Handegård

Asbjørg Rebni (det sosiale)

 

Sporprøve 13 juli

Torill og Andreas Otterhjell

 

Sporgruppe – organisering + medlemmøte

Inger Handegård

Lydigheit

Trening/kurs – annakvar onsdag?

Eva Røneid og

Inger Handegård

 

Klubbmesterskap og appellmerkeprøve ca. 15 juli

Inger Handegård og Yvonne Kevee

 

Appellmerkeprøve

Mona Nyløy og Inger Handegård

Freestyle

Trening

Eva Røneid (informasjon)

Oppdrettarsamling

Ny samling i mai

Inger Handegård

 

Ope møte med tema Før du kjøper hund. Informasjon i avisa.

Inger Handegård

Diverse:

Oppdatere budsjett etter årsmøtet

Inger Handegård

 

Regelmessig regnskapskontroll

Mona Listou

 

Oppdatere heimeside

Inger Handegård

 

Presentere klubben i Lustranytt og Hundesport

Inger Handegård

Neste styremøte

Onsdag 13. april kl. 18.30

Helge Alme

Sak 4: Prinsipp for all aktivitet i klubben sin regi
All aktivitet skal annonserast på klubben si heimeside
All aktivitet skal vera åpen for alle (unntak prøvar, vidaregåande kurs, aktivitet retta mot ungdom)

Årsmøte 10. mars 2011 - referatet finn du her.

Det var årsmøte 10. mars kl. 19.00 på Rådhuset i Gaupne
Vanlege årsmøtesaker som budsjett og aktivitetsplan. Val. Det vert enkel servering.
Framlegg til nytt styre, budsjett, aktivitetsplan og andre årsmøtesaker pluss årsmelding vert lagt ut på heimesida så snart dei er klar.

Innkalling til årsmøte finn du her

Styret sitt framlegg til budsjett finn du her                  Vedteke budsjett for 2011 finn du her

Referat kjem etter kvart - men me kan avsløre at det var einstemmig for å gå for nytt område på Nes og det var fleirtal for at agilitygjengen får investere kr. 30.000 i agility.

Her finn du årsmeldinga for 2010

Her finn du eldre årsmeldingar (ikkje komplett enno).

Innkalling med saksliste og framlegg til nytt styre vert også sendt alle medlemmer med posten
Dette vert eit viktig årsmøte med byte av både nestleiar og leiar i løpet av kommande to år, framlegg om heving av kontigent, framlegg til leige av nytt område mm. Det er difor viktig at alle aktive og alle som ynskjer å sei si meining møter på dette årsmøtet.

Styremøte 16. februar 2011 Stad: rådhuset, Gaupne

Til stades:
Mona Listou, Eva Røneid (vara), Asbjørg Rebni, Inger Handegård, Vigdis Vigdal (vara)
Laila Joranger og Mona Nyløy hadde meldt fråfall

Generelt:
Inger informerte om saksgang i styresaker og årsmøtesaker og om inntekstkjeldene til klubben.

Sak 1: Årsmelding.
Den var gått gjennom og godkjent av styret. Vert lagt fram for årsmøtet.

Sak 2: Ein stad å vera:
Nes camping – Inger orienterte om munnleg tilsagn om bruk av dette området.
Det dette vil koste er:
Inngjerding 200 meter = minimum 20.000.-
Grinder = kr. 3000
Årleg utgift plenklypping: 3000
Årleg utgift leige: Me har eit uforpliktande tilbod om kr. 5.000 inkludert lån av toalett og lite møtelokale med straum.

Det var interesse for å gå inn for dette området. Saka vert difor lagt fram for årsmøtet for vedtak.

Kloppi vert foreslått lagt ned då me ikkje har bruk for og ikkje har kapasitet til å drifta to område.

Sak 3: Søknad om tilskot til Ein stad å vera (kommunalt)
Me kan få tilskot til nærmiljøanlegg (kanskje)

Me treng for å kunna søkje:
• Ein skriftleg avtale med grunneigar som gjeld for 10 år
• Beskriving av bruken av området
• Kostnadsoverslag
• Driftansvar
• Brukargruppe
• Behovsvurdering

Inger får fullmakt til å utarbeide søknad.
Søknadsfristen er på samme skjema som vanleg tilskot til klubben og fristen til å søkje er 1. mars.

Inger sener også området inn som eit innspel til kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet som har innspelsfrist 1. mai

Sak 4: Agilityutstyr
Agilitygruppa har sendt opp ei ynskjeliste for kjøp av utstyr – totalt kr. 30.000.

Vedtak:
Ved 1/3 finanisering frå Luster kommune (tilskot til nærmiljøanlegg) kjøper klubben inn alt utstyret = ei utgift på kr. 20.000 for klubben.
Med redusert tilskot frå kommunen støttar klubben all agilityaktivitet i 2011 med kr. 15.000. Då er det opp til agilitygruppa korleis midlane vert brukt.
For å få ytterlegare inntekt må agilty gruppa organisere seg – og kan då bruka inntekter til innkjøp av utstyr med mer. Styret tilbyr agility gjengen å arrangere den uoffisielle utstillinga og bruka overskotet frå den til utstyr.

Styret legg denne saka fram for årsmøtet for vedtak.

Sak 5 25 års jubileum
Me søkte kommunen om tilskot i året som var.
Premiar er kjøpt inn.
Jubileumssporprøven – det vert kvalifisering for å delta. Inger får ansvar og fullmakt til å planlegge prøven. Me stasar på 2 dommarar og 12 spor. Alle som skal vera med på oprøven må bidra med noko – i form av sporlegging eller anna arbeidsinnsats.

Sak 6 Jubileumsutstilling (uoff)
Styret tilbyr agility gruppa å arrangere denne utstillinga. Me har framlegg til dommar, Yvonne Kevee frå Tyskland som er her rundt 23 juli. Ho kan også dømme klubbmeisterskap i agility og lydighet, dersom det er ynskje om dette. Eventuelt også kortare kveldskurs agility, då ho vert her i to veker.

Det er eit stort ynskje å kunne ha ei jubileumssamling som er grilling og hundeaktivitetar på det nye området…

Sak 7 Freestyle kurs
Mona Listou har fått plass på dette kurset – alle utgifter vert dekka av klubben, som takk for godt utført kassererjobb.

Sak 8? Sjekk ref...

Sak 9 Klipp kloppi
100 kr. Timen pluss dekka bensin til kr. 13 pr liter

Sak 10: Årsmøtet 10 mars
Vert på kantina på rådhuset kl. 19.00
Mat: Pizza. Asbjørg bestiller og tek i mot påmelding.
Inger presenterer det aktuelle nye treningsområdet.
Inger fortel litt om klubben si historie og viser litt bilder.
Mona N presenterer agilityaktivitetar i 2011.

Sak 11: Innkommen sak frå Stine Svinøe om eit inngjerda ”friområde” for hund
Styret vetek å nedprioritere dette i forhold til eit nytt treningsområde.
Om nokon vil arbeide vidare med dette innspelet, er dei velkommen.

Referat: Vigdis Vigdal

2010

Styremøte på rådhuset 30 august 2010 frå kl. 18.00 til 19.30

Til stades: Asbjørg, Vigdis, Mona N, Mona L, Inger og Eva
Laila kunne ikkje møte

Det har ikkje vore styremøte sidan årsmøtet, men det har vore diskusjonar via mail ang. davgifter kurs/honorar, sporprøvane, osv.

1: Gjennomgang av aktivitetar så langt i 2010

Klubben har arrangert to blodsporprøvar: Lokale dommarar, Inger, Helge og Andreas har dømt. Alle som har meldt seg på innan fristen har komme med. Ein frå sporkurset har nytta høvet til å leggja spor for å læra meir.

Kvelpekurs: Mona har vore instruktør. Det var 11 hundar og 19 menneske – så kurset vart delt i 2. Kurset er no avslutta. Meininga var å ha samlingar for kvelpar, både dei som har vore på kurset og nye som har komme til, utover sommaren og hausten. Samlinga er ikkje direkte kurs, men Mona er der og kan komme med tips. Det har vore ei slik samling. To frå kurset og to nye møtte. Håper er å få slike samlingar utover hausten kvar 3-4 veke. Prisen er kr. 30.- pr gong. Info om neste samling vert lagt ut på heimesida.

Sporkurs: Inger er instruktør. Starta med eit medlemsmøte der mange møtte. 6 med hund meldte seg på og dei er delt i tre grupper – to går menneskespor og fire går blodspor. Kurset er på 19 timar og er enno ikkje avslutta.

Agility: Fast trening på Kloppi kvar torsdag. Heller dårleg oppmøte i sommar. Kl. 18.-19. – vidarekomne Kl. 19-20 nybegynnar. Mona, Stine og/eller Marianne prøver alltid å møte for å hjelpe nybegynnarar – men det hender ingen er der.

Appellmerkeprøve - åpent tilbod til alle: Mona har dømt 5 til no i år – 3 frå Fjærland, Inger har dømt 2.

Lydigheitstrening for vidarekomne/konkurranselystne: Er i Gaupne onsdagar kl. 118.30 ved Shell/Parken. Dette for å sleppe å trene mellom alle AG-hindera. Det er ikkje kurs- men Inger har vore med for å gi treningstips.

Turkonkurranse og fotokonkurranse: Mange har sendt inn bilete og Inger har fått inn fleire bilete som vert lagt ut litt etter litt, slik at me har litt nytt på heimesida med jevne mellomrom. Me oppfordrar alle som har gått tur til å senda inn bilete og at dei som ennå ikkje har gått, til å gå…. Hans Hodne har sagt ja til å dømme fotokonkurransen.

2: Prisar/honorar, km-godgjersle mm

Kurs – kr. 750 uansett lengde ved bruk av eigen instruktør. Kr. 1000 for ikkje medlem.
Appellmerkeprøve inkl. merke – kr. 150

NKK-godkjent instruktør får kr. 200 pr time
Andre med hovudansvar for kurs får kr. 150 pr time
Hjelpeinstruktør utan ansvar får kr. 100 pr time

Dømming spor/appellmerke – kr. 100 pr stk
Sporlegger kr. 50

2 kr. Pr km køyring for instruktørar/dommarar

Dommarar/instruktørar må sjølve føra liste over antal/antal timar/antal km og sende dette inn til kasserer ved slutten av kurset/året.

3. Premiar/rosettar
Me bestiller MED pose – sjølv om dette kan medfører at me må bytte leverandør

Me bestiller:
Klubbmester 1-2-3 – spor – AG – LP - utstilling
Spor – championat – HP – 1 pr
Uoff utstilling – BIS (ein ekstra BIS) 1-2-3-4
5 grupper – 1-2-3-4
BIS-kvelp 1-2-3-4
5 grupper Kvelp – 1-2-3-4
BIS-veteran 1-2-3-4

HP???

4: Prøvar 2011
Inger får fullmakt til å søke om prøvar i samarbeid med dommarane.
Klubbmesterskap spor

5: Aktivitetar haust/vinter 2010

Medlemsøte 22 september – spor + dogweb + biletbehandling for bruk på heimeside
Ansvar: Inger

Medlemsmøte oktober/november – Inger spør Mariann om ho kan tenke seg å vise freestyle
Ansvar: ?

Julemøte/medlemsmøte: Inger viser bilete frå turen til Spania. Servering av tapas
Ansvar: Asbjørg

Klubbmesterskap i agility
Ansvar: Mona

Agilitykurs – utsett til våren dersom me ikkje får tak i hus.

6: Hus/trening i vinter
Markstein – kan vera eit alternativ – Inger har spurt – ventar på svar
Fortun – langt og trangt
Ljosvang – Inger har spurt – ventar på svar

7: Jubileum i 2011
Få inn historie og gamle bilete på heimesida. Artikkel i hundesport? Appellmerkeprøve-historikk. Klubbmesterskap.

8: Arbeidsfordeling styret og andre fram til neste styremøte
Mona N – kvelpesamlingar, agility-nybegynnarar, appellmerke Fjærland, sjekke vidare om Markstein kan vera ein stad å trene inne, klubbemsterskap AG, kurs AG
Mona L – økonomi, purre dei som ikkje har betalt kurs enno
Inger – heimeside, papir etter blodsporprøvane, bestille rosettar, sjå vidare på premiar, medlemsmøte 22 september, kontakte spanielklubben, sjå på vandrepremiane og setje dei opp på nytt, artikkel om LHK i Hundesport
Torill – papir etter blodsporprøven i Fortun
Per – vidaresende informasjonsmailar til alle medlemmer som stårp å mailinglista
Ronny – klipping Kloppi
Eva – levere klubben sine vandrepremiar som står i banken til Inger
Asbjørg – julemøtet
Marianne – agility
Stine - agility

Årsmøte 4. mars 2010
Det møtte 20 - 16 med stemmerett (19 damer og ein mann...)

Årsmelding og rekneskap vart godkjent. Me har god økonomi.

Diverse:
Me saknar ein stad å vera. Me har ikkje lenger klypping av graset på Kloppi.
Per Gunnestad lagar mailingliste til alle medlemmer som ynskjer rask informasjon når heimesida er oppdatert. Ynskjer tilbakemelding om at mailen er lest.

Val: Alle i styret tek gjenvalg
Ny valnemnd: Gerd Helene Gjerde og Einar Ese. Vara: Oddvin Kveane. Alle Jostedal.

Det var pizza og utlodding. Mette Nystuen vann hovudpremien som er ein verdisjekk på kr. 320 som må nyttast i 2010.
Veterinær Gunnar Hofslundsengen snakka om fôring og hudproblem.
Stine Svinø viste kjempefin video frå agilitytreninga.

Styremøte 2 februar.10
På rådhuset i Gaupne

Til stades: Mona Listaou,  Inger Handegård, Mona Nyløy, Asbjørg Rebni, Vigdis Vigdal Barsnes
Kunne ikkje møte:  Møtte ikkje: Eva Røneid, Laila Joranger,

Sak 1: Agilityutstyr
Mona orienterte. Jobbar med saken. Kjem med meir informasjon til heimesida.

Sak 3: Oppdrettarsamling
Er utsett noko.

Sak 4: Adventskalenderen
Berre to har sendt inn svar, Mona Nyløy og Mona Listau og dei to har samme poengsum. Det vert difor eit gavekort på kvar pålydande 200 kr. Kasserar ordnar med gavekort.

Sak 5: Årsmøtet vert 4. mars kl. 19.00 på rådhuset
Inger bestiller møterom og lagar innkalling. Mona N sender ut. På val: Inger og Asbjørg + vara. Asbjørg kontaktar Gunnar Hofslundsengen og har påmelding til møtet på SMS. Bestiller mat. Inger tek kontakt med valnemnda. Dei jobbar - men me har ikkje fått tilsendt nye kandidatar.

Sak 6: Heimesida
Heile styret har ansvar for oppdatering! Breidda på sida er no OK. Me lagar ei facebook gruppe.

Sak 7: Fotokonkurranse
Tema: hund. To klassar: Senior og junior. Eit bilde pr. medlemsskap. Inger har spurt Hans Hodne som har sagt ja til å vera dommar. Me har to klassar som begge har gavekort på kr. 300 til vinnar, 200 til nr. 2 og 100 til nr. 3. 

Sak 8: Innkjøp av videokamera
Det er kjøpt kamera til ein sum av knappe 3000 kr. Kameraet står no hjå Inger.

Sak 9: Jubileum 2011
Me har fått ja frå NKK om å ha intern men offesiell sporprøve

Sak 10: Registrering i Brønneidsund for å få tippemidlar?
Mona L sjekkar kva som vert krevd.

Sak 11: Det er ynskje om sporleggarkurs og sporkurs til våren

2009

Styremøte 25.11.09
På rådhuset i Gaupne

Til stades: Mona Listaou, Laila Joranger, Inger Handegård, Mona Nyløy, Asbjørg Rebni, Vigdis Vigdal Barsnes
Kunne ikkje møte:  Møtte ikkje: Eva Røneid

Sak 1: Prøvar 2010
Det er søkt om to ordinære sporprøvar.

Sak 2: Agilityutstyr
Mona orienterte. Ho har starta å undersøke i Årdal. Stine lagrar hindera i vinter. Mona skriv på heimesida vår om vintertrening i ridehallen på Kaupanger.

Sak 3: Aktivitetar haust
Kvelpekurset - er avslutta
Utstillingskurs - er avslutta
Oppdrettarsamling - vert etter jul
Jolemøte vert 10. desember kl. 19.00 på rådhuset. Inger og Vigdis lagar konkurranse. Vigdis handlar.

Sak 4: Adventskalender på heimesida vår - 4 luker/veker
Premiar: Gavekort på kr. 300, godbitar, boka Leik med meg

Sak 5: Årsmøtet
Laila kontaktar Anne Ma som er leiar av valnemnda
Årsmøtet vert ca. 20 februar

Sak 6: Heimesida
Sida vert delt opp meir slik at nye sider vert: Agility - lydigheit - Utstilling - Spor - Kvelp - Oppdrett.
Sida er for brei. Heile styret har ansvar for oppdatering!

Sak 7: Fotokonkurranse
Mars-april-mai? Tema: hund. To klassar: Senior og junior
Inger spør Hans Hodne om han vil vera dommar

Sak 8: Trimturar med hund - premiering
Stadene: Molden - "Spegelen" på Indre-Hafslo - Vardanosi i Fortun - Kangle kongevegen ned Årøyane i Hafslo - Dulsete i Mørkridsdalen - Bergheim på Sørsida.

Det vert trekt premiar i tre kategoriar: 1: Dei som har dokumentert at dei har vore alle dei seks stadene i 2010 2: Dei som kan dokumentera at dei har vore minst ein av stadene 3: Fotokonkurranse

Sak 9: Klubbkonkurranse i lydigheit - agility - spor?
Vert utsett til neste år då klubben fyller 25 år

Sak 10: Innkjøp av videokamera
Pris max kr. 5.000. Inger får fullmakt til å kjøpe

Sak 11: Hundens dag sommaren 2010
Me jobbar vidare med idèen som vart lansert i 2009

Sak 12: Lustramarknaden
Klubben bør vise seg meir denne dagen. Agility - apport av ting frå vannbøtte - spørrekonkurranse - spor - match show som Inger kan dømme?

Sak 13: Kurs våren 2010
Mona finn navn på instruktør i lydigheit. Inger har hatt kontakt med Geir som har sagt seg interessert i å komma. Kven organiserar kursa?
 

Styremøte 09.09.09
På rådhuset i Gaupne

Til stades: Mona Listaou, Inger Handegård, Mona Nyløy, Asbjørg Rebni, Vigdis Vigdal Barsnes
Kunne ikkje møte: Laila Joranger Møtte ikkje: Eva Røneid

Sak 1: Prøvar 2010
Mail er sendt alle dommarar - men det har ikkje komme tilbakemelding frå nokon av dei enno.
Søknadsfristen er 31. oktober - så det er ikkje hast enno - men snart. Inger Føl opp denne saka.

Sak 2: Kjøp av agilitutstyr - mail frå Stine E. Svinø
Styret er positiv til at klubben får eit utvida tilbod til sine medlemmer, men det må etablerast ei arbeidsgruppe for agility som planlegg
aktivitet, kjøp og laging av utstyr, stad å vera, stad å lagra utstyret.
Mona Nyløy får fullmakt frå styret til å få i gang ei arbeidsgruppe for agility.
Mona treng ikkje sjølv å vera med i gruppa - men Mona vert gruppa sin kontaktperson til styret.

Styret set av kr. 3.000 til innkjøp av agilityutstyr i 2009 (tidlegare løyving som ikkje er nytta)
I tillegg vert overskot frå agilitykurset sett av til kjøp av utstyr - dvs. ferdige hinder eller materialar til bygging av hinder.
Kasser har enno ikkje oversikt over eventuelt overskot då alle utgifter ikkje er betalt enno og det manglar framleis kursavgiftinnbetaling mm.

Større løyving til utstyr er ikkje styresak - men årsmøtesak.
Styret påpeikar at før klubben invisterer i meir agilityutstyr ut over denne løyvinga MÅ det finnast ein stad å ha utstyret om sommaren og ein stad inne der utstyret kan lagrast eventuelt brukast om vinteren.

Agilitygruppa vert oppmuntra til å gå i gang med aktivitet som kan føra til auka aktivitet i klubben.
Eventuelt overskot kan nyttast til innkjøp av meir utstyr. F.eks. kan det arrangerast uoffisiell utstilling i 2010?

Viktig:
Treningsdagen på klubben sitt område på Kloppi på det utstyret som klubben eig MÅ vera open for alle medlemmer og SKAL informerast om på klubben si heimeside.

Sak 3: Aktivitetar haust 2009

September: Kvelpekurs:
Det vert starta med obligatorisk teorikveld tirsdag 15.09 på rådhuset (dersom det er ledig møtelokale)
Inger har teorien. Det vert helde kurs vidare med ca. halvparten av kveldane i Gaupne eller på Kloppi og halvparten av kveldane i Fortun
Inger legg ut nvitasjon til kurset på klubben si heimeside og lagar plakatar.
Mona N heng opp strekninga Fortun-Nes, Asbjørg - Gaupne-Hafslo, Vigdis - Jostedal

September - Utstillingskurs
Ein time og to med teori inne - så to kveldar med trening ute.
Ansvar: Asbjørg spør Jane om ho kan stå for treningane, Inger tek teorien inne.

September: Lydigheitstrening.
Me prøver å få dette til i samband med kvelpekurset. Først kvelpane - så dei eldre hundane.

Oktober: Medlemsmøte - Temamøte spor:
Legging av blodspor og brukshundspor frå nybegynnar til konkurranse. Korleis starte å trene og korleis er konkurransane.
Ansvar: Inger

November: Oppdrettarsamling:
Inger har fullmakt til å jobba vidare med saken. Det vert ein kombinasjon av fagleg og sosialt.

Desember: Julemøte
Ansvar: Vigdis Ho spør Linda Hofslundsengen om ho kan snakke om fôring og hudproblem på dette møtet

Sak 4: Diverse
Inger legg link til www.hunden.no inn på heimesida til klubben. Mange fine artiklar om trening av hund her.
Aktivitetsdag - den gjekk i vasken i 2009 - me håpar å få dette til i 2010...
Soppdag - august 2010 - sidan hundefolk går så mykje i skog og mark bør ein kjenna dei viktigaste matsoppane. Inger har ansvar
Kurs med innleigd instruktør våren 2010. Fleire vil gjerne ha Helge Growe på besøk att!
Klubbmeisterskap - spor og lydigheit med fine premiar
Premiar: skilta til Siv Heidi Rognmo, gavekort

Neste styremøte: tirsdag eller torsdag i veke 42
Mona Listau kallar inn

Årsmøte på rådhuset 12 mars

16 personar møtte, derav 11 med stemmerett
Alle medlemmer vart kalla inn pr post eller vart møtet annonsert på heimesida

Referent: Mona Nyløy

Årsmelding og rekneskap vart godkjent

Sak 1: Dekking av telefonutgifter til leiar på kr. 1000.- pr år
Samrøystes vedteke

Val:
Mona nyløy - tek attval
Vigdis vigdal - sluttar som sekretær, går inn som 1. vara
Helge alme - går ut
Mona Listou går frå 1. vara og inn i styret som kasserar
Eva Røneid går inn som 2. vara
Einar Ese er på val - har sjølv sett plassen til disposisjon og går ut
Laila Joranger går inn som styremedlem
Torill Otterhjell ynskjer å trekkja seg som kasserar

Karen Moe trekkjer seg som revisor - torill Otterhjell vert ny revisor

Anne Ma Hov Molland vert ny i valnemnda i lag med Mette Nystuen.
Vara til valnemnda er Stine Svinø.

Planlagde aktivitetar i 2009:
Kvelpekurs
Agilitykurs
sporkurs
 

Styremøte 18. februar 2008
På rådhuset i Gaupne

Til stades: Mona Listaou, Inger Handegård, Mona Nyløy, Asbjørg Rebni, Vigdis Vigdal Barsnes

1: Årsmøte. dato 12. mars kl. 19.00 på rådhuset
Me serverer pizza og må ha påmelding til Asbjørg seinast dagen før.

Vigdis snakkar med Tage Sjåk-Moen - tema: gjetarhund
Inger snakkar med Linda Hofslundsengen - tema: hud, foring (fekk negativt svar)
Utlodding - alle tek med gevinst til maks kr. 50
Det vert gåvekort på kr. 300 som kan brukast til prøve, kurs eller som kan løysast inn hjå Inger
Konkurransar: Hege Gjerde lagar
Innkalling o etikettar: Inger
Utsending: Mona

Val - forslag frå valnemnd:
Mona Nyløy - tek attval
Vigdis - vil sjølv ned på vara
Helge - vil ut - Laila Joranger foreslått som ny
1. vara - Mona Listou går inn i styret i staden for Vigdis

Kasserer har bedt om avløysing

2: Innkjøp av nye hundebøker frå bl.a. Canis
Me set av kr. 1500 til dette.
Inger kjøper inn og leverer til mona N etterpå - som så leverer til biblioteket
Mona - lagar informasjon om gode hundebøker til heimesida

3: Hoppehinder - kven kan laga det?
Me set spørsmål om dette inn på heimesida vår

4: Dekking av telefonutgifter/internett leiar
styret foreslår kr. 1000 pr år.
Dette er årsmøtesak og vert lagt fram på årsmøtet
 

2008

Referat frå styremøte 27. november 2008

Stad: Rådhuset 19.00-19.15
Til stades:  Inger, Vigdis, Asbjørg + vara Mona L. 
Mona N var sjuk, Helge kunne ikkje komme, Einar?

1: LP prøven i Sogndal 2008
Inger er innkalla til møte med Sogndal HK. Arrangementet gjekk i overskot

2: Prøvar 2008
Det er søkt om to blodsporprøvar, ein midt i veka i juni som ettermiddagsprøve og ein ei helg i august.
Det vert ikkje stor dobbelprøve i 2009. Det er ikkje søkt om bevegeleg blodsporprøve i regi av Luster HK då klubben ikkje har aktive dommarar. Årets prøve hadde ingen startande pga dommarmangel, men alle fekk gå i regi av spanielklubben. Helge har vore sjuk, men dersom han ynskjer å dømme i 2009 dømmer han i regi av spanielklubben

3: Jolemøte 11 desember
Inger viser bilder frå fotokurset + årskavalkade + bestiller kantina på rådhuset + lagar medlemsskriv
Asbjørg ordnar med mat og drikke
Vigdis ordner med utsending av medlemsskriv + ordnar med konkurranse

Neste møte: Dato ikkje fastsett. Det vert over jol før årsmøtet.

Referat frå styremøte 22. oktober 2008

Stad: Rådhuset 19.00-20.00
Til stades:  Inger, Mona L, Vigdis. Mona gløymde møtet, Helge kom ikkje. Vara var ikkje innkalla.. 

1: Lydigheit Sogndal
Ventar på tilbakemelding frå Sogndal HK

2: Dommarsamling
Ingen ting er gjort pga kapasitetmangel

3: Treningskveldane
Har måtte gått ut pga stor arbeidsbelastning på Mona og Inger

4: Medlemsinfo
Må ut informasjon med invitasjon til jolemøte.

5: Bærbar PC og kanon
Er innkjøpt og betalt. står hjå Inger

6: Prøvar 2009
Ingen bevegeleg prøve, to mindre ordinære prøvar. Inger dømmer den eine, Andreas den andre. Desse to har også ansvar for prøvane. Begrensa påmelding.

7: Kloppi
Inger fekk beskjed om at hinder var demontert og sett utanfor gjerde og at det gjekk kalvar på Kloppi. Inger har henta hindra og lagrar dei i vinter. Men kva gjer me i 2009? Karen og Lillian ordna i si tid med avtale om bruk av Kloppi pluss slått. Det må avklarast i løpet av vinteren kva som er dagens avtale og kva me gjer vidare.

8: Inger og Mona har vore på NKK oppdrettarkurs i Ålesund
Kort informasjon om dette

Neste styremøte: 27. november samstundes med avslutning fotokurs.

Referat frå styremøte 15. september 2008

Stad: Rådhuset 19.00-20.00
Til stades:  Inger, Vigdis, Mona, Helge, Asbjørg + vara Mona L. Einar møtte ikkje. 

1: Referat lydighetsprøve Kaupanger
Mona og Inger skal på møte med Sogndal HK for å avklara det økonomiske sluttresultatet. 

2: Referat sporprøve
Stor prøve med 3 dommarar

3: Dommarsamling for viltspordommarane våre?
Me burde hatt ei samling der me avklara neste års prøvar. Vera eit samarbeid med spanielklubben. Dommarane får dekka reiseutgifter + mat. Inger tek dette opp med styret i NSK avd S og Fj.

4: Fotokurset - ein kveld att
Ansvar: Inger

5: Treningskveldar - nybegynnarar (nye hundar)
1 kveld med teori - Inger
Trening annakvar veke - annakvar gong i Fortun og Gaupne - ansvar Inger og Mona
Dei som vil trene må gi beskjed på SMS om dei vil trene ved å senda SMS før kl 14.00
Inger kallar inn til informasjonsmøte

6: Medlemsinfo 
Vigdis sender ut. Sosialt jolemøte 1 veka i desember. Trening mm

7: Medlemsmøte i november
Visa bileta få fotokurset

8: Innkjøp bærbar PC og kanon
Max budsjettramme ca. kr. 15.000. Gisle bestiller.

Neste styremøte: onsdag 22. okt. kl. 19.00

Referat frå årsmøte 13 februar
13 møtte + ein minijunior

Nokon av dei som vart kalla inn pr e-post hadde ikkje fått innkallinga.
Årsmelding og rekneskap vart godkejnt
Ingen saker innsendt til årsmøtet og styret hadde heller ingen saker.

Val:
Inger - gjenvald som leiar
Rune ut - Asbjørg inn i styret
Vara 1: Mona Listau
Vara 2 Einar Ese
Valnemnd: Aud Kristin Oma og Sigrun Kalhagen

Aktivitetar frammover: fotokurs. sporleggjar kurs

Kort gjennomgang av utstilling, agility, lydigheit og spor før det vart pizza og sosialt samvær.

Ref: Inger og vigdis

2007                   Budsjett for 2007               Aktivitetsplan for 2007

Neste styremøte vert onsdag 9. januar kl. 18.30 på Rådhuset

Foreløpig sakliste:
(Lista vert oppdatert etter kvart som det vert meldt inn saker til møtet)

1: Årsmøtet - valnemnda legg fram sine forslag til val. Rekneskapet vert lagt fram. Innkomne forslag til saker vert drøfta.
2: Treningskveldar og kurs 2008

Referat frå styremøte 27. november 2007

Stad: Rådhuset 18.00-19.15
Til stades:  Inger, Vigdis, Mona (etter sak 1), Helge + vara Asbjørg. 

1: Støtte til instruktørkurs Mona
Mona har no fullført instruktørkurset trinn I og bestått eksamen med glans. Ho har hatt totale utgifter på kr. 5.600.- inkludert reise og overnatting. LHK betalar Mona kr. 3000.- i støtte umiddelbart mot at Mona er hjelpeinstruktør på to kurs i løpet av fyrste halvår 2008. Resten på kr. 2.600.- vert utbetalt når Mona er ferdig utdanna instruktør.

2: Julemøte
Vigdis minner aud-Kristin om at ho har ansvar for dette møtet

3: Kurs januar 2008
Mona har ansvar for planlegging og me sender ut info til medlemmene saman med innkalling til julemøtet samt legg ut på internett.

4: Årsmøte
Stad Rådhuset. Tid: Februar
Styret minner medlemmene om at dei må melde saker inn til styret innan fristen. Valnemnda må gå i gang med sitt arbeid. Asbjørg ordnar med lokale og mat når dato er bestemt. Møtet vert på Rådhuset i Gaupne. Tema for møtet vert kort innføring i Utstilling - LP- AG og spor. Vigdis, Inger og Mona har ansvar for dei tre fyrste delane. Me håpar Andreas vil ha ansvar for den siste om spor. Max 10 minutt pr tema. Utlodding. Alle tek med ein liten gevinst. Klubben stiller med gavekort på kr. 280.-

5: Skal LHK stå som ansvarleg arrangør for agilitykonkurranse 23 august 2008?
LHK har fått forespørsel frå sogndal og Omland hundeklukk om å stå som ansvarleg arrangør same dag som me har lydigheitskonkurranse. Grunnen til dette er at SOHK skal arrangere AG-konkurranse 24 august, og kan ikkje stå som arrangør av to stevner ei og samme helg (dobbeltstevne). 

Styret er i utgangspunktet positive til å hjelpe Sogndal under fylgjande forutsetningar:
1: SOHK må ha økonomi til å kunne dekke eit eventuelt underskot
2: Ein frå LHK er med på utfylling av alle prøverpapiret som skal inn til NKK etter prøven
3: Me må ha eit godt samarbeid under planlegging og gjennomføring av arrangementa
4: Det må vera skriftlege avtalar angåande økonomi mm

Inger og Mona har fullmakt frå styret til å inngå avtale med Sogndal og Omland hundeklubb

6: Prøvar 2008
Det er søkt om bevegeleg sporprøve 1.mai til 1. september, ordinær sporprøve siste helga i mai/fyrste helga i juli og lydigheitsprøve 23 august

Referat frå styremøte 14. mars 2007

Stad: Rådhuset, Gaupne Frå kl. 19.00-20.30
Til stades: Inger, Vigdis, Mona, Rune, Helge + vara Asbjørg. 

Sak 4: Trenings og medlemsmøtedatoar våren 2007
Mona skal til Solvorn kvar fredag ettermiddag fram til start mai og for å unngå dobbel køyring vert treningane frå no av fredag mellom 17.30 og 18.30 i Gaupne..

Sak 6: Samarbeid mellom klubbane i Indre Sogn
Inger jobbar vidare med kontakt med Sogndal Hundeklubb som var positiv til eit samarbeid. 
No håpar me på å få til eit meir formelt opplegg.

Sak 7: Turorientering 2007 - status og fordeling av arbeid
Det vart orientert om saka. Inger har jobben med å få ferdig kart mm. 

Sak 9: Mønet - nytt belegg
Inger kontaktar Olav Moe for å ha mønet klart med bedre belegg til snøen går (kjem..?)

Sak 10: Nytt treningsområde
Rune sender inn brev til kommunen. 

Sak 12: Tema seinare medlemsmøte
Vigdis har snakka med Frank Ødegård om han kan vise bilder og snakka om hundekøyring.
Dette er i orden og det vert på eit haustmøte. Anna aktuelt tema er bandtvang.

Sak 13: Uoffiisiell utstilling i juni
Tida 11-14 juni passar best. Dommar Jane Nybø Torgersen har sagt ja til å dømme. Vigdis har meldt seg som skrivar. Det vert ei kveldsutstilling. Mona tek kontakt med Jane. 

Sak 14: Sporprøvane - både bevegelege og ordinære
Vigdis har ansvar for alt papairarbeid. Inger skaffar dommarar. Silje Hatlen frå stryn har sagt ja. Me prøver å få ein dommar til frå samme område som ikkje har dømt her tidlegare. Det vert etter planen 14 hundar kvar dag - 7 hundar pr. dommar. Helge er ansvarleg for sporprøven 2-3 juni. Han skal ha Einar Ese som viktig medhjelpar.

Sak 15: Agilitykurs i Sogndal?
Mona kontaktar Anne Katrine

Uformell sak - kva mål har styret med eige hundar i 2007?
Mona - først kvelpar så 1. premie i LP I
Helge - god stående jakthund
Rune - viltsporchampionat
Vigdis - ferskspor, NM?
Asbjørg - appellmerke, 2. premie blodspor
Aud Kristin - var ikkje til stades
Inger - Chelly - premiering i LP III, ferskspor, opprykk til B-bruks
         
Qandis - Opprykk til A-bruks, 1. premie LP II
         
Vezla - 1. pr. spor, opprykk til C-bruks, 1. pr. LP I

Referat fra årsmøte i Luster Hundeklubb 14 februar
Stad: Hjå stein Ness, Høyheimsvik. Møtte: 24 - 23 med stemmerett
Referat: Mona Nyløy
Årsmelding - regnskap for 2006 vart godkjent.
Nytt styre: Som valnemnda sitt forslag
Treningsområde: Det var einstemmig vedtatt å prøve å få eit nytt treningsområde, gjerne på Røneidsgrandane eller eit
anne sentralt område. Rune Veum er leiar for arbeidsgruppa. 
Det vart informert om sporprøven i 2007.
Anne Katrine Bøyum, Sogndal og Omegn hundeklubb, hadde eit morsomt foredrag om kvardagslydigheit. 
Inger hadde laga ein uformell konkurranse.
Etterpå var det god pizza og praten gjekk rundt borda.

Referat frå styremøte 10. januar 2007

Stad: Rådhuset, Gaupne Frå kl. 19.00-20.30
Til stades: Inger, Vigdis, Mona, Rune + vara Karen og Asbjørg. Aasmund kom på slutten av møtet

Sak 1: Årsmelding + rekneskap - foreløpig gjennomgang
Inger har fått fullmakt til å skriva årsmeldinga ferdig og sende denne ut til styret på mail for godkjenning.
Karen avsluttar rekneskapen og får dette revidert før årsmøtet

Sak 2: Orientering frå valnemnda
Valnemnda har fått ny kasserar utanfor styret: Torill Otterhjell
Valnemnda orienterte om kven som var på val og kom med forslag til nye personar.
Frist for å komma med forslag til nytt styre er 14. januar for medlemmene

Sak 3: Gjennomgang av innkomne saker til årsmøtet
Det har enno ikkje komme inn årsmøtesaker frå medlemmene. Fristen er 1. februar. Saker som kjem inn vert diskutert på mail og telefon før årsmøtet. styret har forslag til ei årsmøtesak - sjå sak ..... 

Sak 4: Trenings og medlemsmøtedatoar våren 2007
Mona og Inger har sett opp forslag. Desse datoane står fast.

Sak 5: Dato for LP-prøve 2008
Det er søkt om prøve samme helg som Sogndal og omegn hundeklubb søkjer om agilitystemne. 
Datoen er 23-24 august 2008

Sak 6: Samarbeid mellom klubbane i Indre Sogn
Inger har hatt kontakt med Sogndal Hundeklubb som var positiv til eit samarbeid. 
No håpar me på å få til eit meir formelt opplegg.
Inger jobbar vidare med saka.

Sak 7: Turorientering 2007 - status og fordeling av arbeid
Utsett til neste møte

Sak 8: Treningsavgift for klubben sine medlemmer
Det var einstemmig i styret å IKKJE ha treningsavgift på treningskveldane til klubben.

Sak 9: Mønet - nytt belegg
Karen prøver å få Olav Moe til å ha mønet klart med bedre belegg til snøen går (kjem..?)

Sak 10: Nytt treningsområde
Området på Kloppi vart forferdeleg blautt i haust når det var så mykje nedbør. det var så blautt at det var vanskeleg å få slått og gått med småsko... Styret nedsette ein komite som skal utarbeide forslag til nytt treningsområde og sende søknad om område til kommunen. Det ynskjeleg er eit sentralt område som kan brukast store deler av året, som kan inngjerast, der det er plass å parkere nokre bilar og der det kan oppførast ei brakke og to til lite møtelokale samt for lagring av utstyr. Det er årsmøtesak å avsetje midlar til flytting av treningsområdet. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide med nytt treningsområdet. Leiar Rune Veum har fullmakt frå styret til å søkje kommunen om nytt område.

Sak 11: Årsmøtet - det praktiske
Me skal vera hjå Stein Ness i Høyheimsvik. Asbjørg har ordna med lokale og mat.
Ho tek også i mot påmelding og ordnar med brus. Alle i styret tek med ei kanne kaffi.
Vigdis og Karen lagar kaker.
Inger skriv innkalling til møtet og kopierer dette opp.
Vigdis ordnar med adresseetiketter og sender ut innkalling. 
Me skal ha fagleg tema: Kvardagsdressur + litt om agility
Anne Katrine Bøyum frå Leikanger kjem og snakkar om dette.
Inger lagar konkurranse.

Sak 12: Tema seinare medlemsmøte
Vigdis snakkar med hundekøyrarmiljøet om dei kan vise bilder og snakka om dette.

Neste styremøte:
Onsdag 9. mai kl. 19.00


2006             Budsjett for 2006

Referat frå styremøte 9 november 2006

Stad: Rådhuset, Gaupne Frå kl. 17.00-18.30
Til stades: Inger, Vigdis, Mona + vara Karen og Asbjørg. Aasmund kom på slutten av møtet

Orientering:
Det vart ei kjapp orientering om personlege grunnar til fleire i styret som har gjort at det har vore liten styreaktivitet i klubben i 2006, samt at Inger var på brukshundkurs på Voss for gåvesjekken ho fekk på årsmøtet.

Sak 1. Medlemsmøte/Førjolsmøte onsdag 29 november kl. 19.00 på Rådhuset - pepparkaker og gløgg
Tema 1: NKK - ny organisasjon og ny medlemskontigent
Tema 2: Pelsstell, kloklipp og fôring
Tema 3: Sosial med uhøgtidlege konkurransar for alle + juniorar

Det vart ei kjapp orientering. Det vert eit førjolsmøte der medlemmene kan få ta med innbetalingsblanketten og få orientering og hjelp. I samband med dette møtet vert det sendt ut eit informasjonsskriv til alle medlemmene med orientering, møteinnkalling samt aktivitetsliste for vinter-vår 2007.

Inger lagar skriv + kopierer + ordnar møterom + orienterer på møtet + lagar oppgåve for juniorar + ordnar premiar
Karen ordnar etikettar
Vigdis sender ut som A-post seinast veke 46
Karoline lagar oppgåver for alle
Mona og Vigdis ordnar servering
Gisle oppdaterer heimesida

Sak 2: Aktivitetsliste for vinter/vår 2007
Medlemsmøte og trening med hund
Styret gir Mona og Inger fullmakt til å utarbeide denne lista, gjerne i samarbeid med naboklubbane.

Mona
og Inger lagar lista ferdig slik at ho kjem med i medlemsskrivet + på heimesida

Sak 3: Lydigheitsprøve 2008
Fristen for å søkje om prøve går i midten av november. Inger og Mona får fullmakt til å søkje om prøve, gjerne i samarbeid med Sogndal Hundeklubb og agilityprøve. Aktuelt tidspunkt er siste halvdel av august.

Mona og Inger søkjer om LP prøve før fristen til NKK er ute.

Sak 4: Blodsporprøvar 2007
Inger har søkt om ordinær blodsporprøve i samarbeid med spanielklubben første helga i juni samt bevegeleg blodsporprøve frå 1. mai og ut august.

Sak 5: Blodsporprøvar 2006

Inger ryddar opp i papir
Karen ryddar opp i økonomi. Purrar Inger på papir.

Sak 6: Samarbeid mellom hundeklubbane i Indre Sogn
Inger får fullmakt av styret til å ta kontakt med dei andre klubbane og innleia eit samarbeid med åpne treningar og medlemsmøter.

Sak 7: Faste datoar for styremøter - møte 2.kvar månad

Alle møter vert på Rådhuset med mindre anna er spesifisert 

Onsdag 7 mars kl. 19.00
Onsdag 9. mai kl. 19.00

Det vert lagt ut sakliste under nytt frå styret
ALLE styremedlemmer har ansvar for å leggja fram saker og alle medlemmer er velkommen med saker til styrebehandling

Sak 8: Årsmøte onsdag 14 februar på møtelokalet til Stein Ness, Høyheimsvik kl. 19.00
Vanlege årsmøtesaker + sosialt + eit fagtema ? + mat

På val: Vigdis + Aasmund + begge vara. Karen har bedt om å få avløysing som kasserar etter 8 år i jobben.
Valnemnd: Karen (leiar), Asbjørg og Bodil Otterhjell.

Karen leiar valnemnda og legg fram forslag til nytt styre til årsmøtet.
Styret vert orientert på møte 10. januar.
Siste frist for å komma med forslag til nytt styre er 14 januar
Frist for å komma med forslag til årsmøtesaker er 1. februar

Asbjørg ordnar med møtelokale + mat + påmeldingar (frist 10. februar)

Sak 9: Turorienteringa 2006
Turorienteringa må utsetjast til 2007 grunna praktiske problem med kart.
Meir informasjon kjem seinare.

Referat fra årsmøte i Luster Hundeklubb 9 mars 
Stad: Pyramidekafeen. Møtte: 21 - 20 med stemmerett
Referat: Vigdis Vigdal
Årsmelding - regnskap - budskjett med arbeidsplan for 2006 vart godkjent.
Nytt styre: Som valnemnda sitt forslag men det var feil at Vigdis Vigdal var på val.
Ny kontigent for 2007:  Kr. 85.- for ordinært medlem, kr. 10 for junior opp til 20 år. I basis ligg i tillegg grunnkontigenten på kr. 165 til Norsk Kennel Klub.
Ny lov: Bygger på NKK sin lovnormal. Lova vert med det første lagt ut på heimesida.
Nytt æresmedlem: Inger Handegård som i tillegg fekk ein gåveskjekk på kr. 3000.- som kunne nyttast til hundebadekar eller til å reise på kurs.
Det vart informert om aktivitetar i 2006 og om sporprøven.
Etterpå var det god pizza og praten gjekk rundt borda.

Styret sitt budsjett for 2006 
(bruk knappen til høgre på den nye sida som kjem opp for å kunna lesa budsjettet rett veg....)

Styremøte 9 februar 2006

Tilstades: Inger, Karen, Lillian, Rune og Vigdis

1. Sak til årsmøtet - Medlemskontigent frå 2007
Alle medlemmer må frå 2007 betale kr 165 til NKK. Dette vert betalt ei gong uansett kor mange klubbar ein er medlem i. I dag betalar Luster hundeklubb kr 90 for kvart medlem me har til NKK.

Det vart einstemmig betalt at maks kontigent for ein person som berre vil vera medlem i Luster hundeklubb og ikkje er med i andre hundeklubbar skal vera kr 250 totalt. Av dette går kr. 165.- til NKK og ny medlemskontigent i LHK vert då kr 85. LHK ynskjer framleis å ha ei svært låg medlemskontigent for juniorane og tek berre kr. kr 10 for juniormedlemmer (eller min kr 100 totalt inkludert grunnavgift til NKK. Det er fleire måtar juniorar kan løyse sitt medlemsskap. Ein muligheit er å melde seg inn i NKK-ungdom, men desse har enno ikkje fastsett sin medlemskontigent. Det vert orientert om dette på årsmøtet. 

2.Sak til årsmøtet -  Luster Hundeklubb må i samband med omorganiseringa i NKK vedta nye lover
Styret meiner me vedtek NKK sin nye lovnormal og denne vert lagt fram på årsmøtet.

3. Arbeidsplan og budsjett for 2006 og fram til årsmøtet i 2007
Vart einstemmig vedteke. Sjå linken

4. Forslag til ny æresmedlem
Vert lagt fram av styret på årsmøtet.

5. Junior som er medlem får 50% rabatt på alle kurs arrangert av LHK
Dette vart einstemmig vedtatt.

6. Sak til årsmøtet - Val av nytt styre
Styret sitt forslag:
Leiar: Inger Handegård
Styremedlem: Mona Nyløy
Styremedlem: Rune Veum
Kasserar utanfor styret: Karen Moe
1. vara: Vigdis Vigdal
2. vara: Asbjørg Rebni

Valnemd: varamedlemmer + vara Bodil Otterhjell

7. Sak til årsmøtet - Rekneskap 2006
Det vart eit overskot på kr 15871.
Dette skuldast:
- NSK skal ha overført kr. 1500 som er delt overskot av brukshundkurset
- Kr 3500 er medlemskontigent for 2006
- Det manglar utbetaling til instruktør for kurs i 2005 på ca kr. 1000
- Det vart ikkje trykt medlemsblad i 2005

8. Hundelova 
Helge Alme har ansvar for oppfølging og ber kommunen om at LHK vert høyringsinstans

9. Ordinær blodsporprøve 4-5 juni 2006
Helge og Vigdis er ansvarlege for planlegging og framdrift
Forslag til domarar; Torstein Solset og Geir Støfring
Reserve: Ivar Jonny Søndreål og Magne Øystein Sørbøen
Sporområder: Dag 1 Hafslo, dag 2 Jostedal

10. Årsmøte 9. mars på Pyramiden. 
Karen bestiller pizza og sender ut skriv, og har påmeldinga. Inger lagar innkalling og kopierer. Karen sender ut


2005

Styremøte 15 september 05

Til stades: Lillian, Vigdis, Inger, Mette, Åsmund og Rune

1: Innkalling. 
Må lage rutinar på at alle har fått innkalling. Denne gongen var det mailen som svikta.

2: Prøvar 2006
Sporprøve første helga i juni. Nokon andre enn Inger må ha hovudansvar for prøven dette året. Vigdis spør Andreas, Einar og Helge eller nokre av dei andre som er aktive med spor, om dei vil vera med å arrangere prøven. som vanleg er det snakk om ein dobbeltprøve i samarbeid med spanielklubben, men antal startande hundar kan reduserast.

Bevegeleg blodsporprøve. som i år, men prøvesesongen vert avslutta før jakta startar.

3: Andre aktivitetar hausten 2005 våren 2006

Dømming av Lustrahunden i bronse og sølv
- Inger snakkar med dei som har Lustrehunden i bronse og avtalar tid og stad med dei og Gunnar Eikemo for å få dømt til sølv. Det må vera ca.14 dagar påmeldingsfrist.

Det vert dømt Lustrahunden i bronse kvar tirsdag framover når værgudane er samarbeidsvillige.

Vigdis lagar klar annonse i Sogn Avis, ordnar med møtelokale samt avtaler med Inger eit medlemsmøte - generelt hundemøte - med tema kjøpe hund - kvelpetrening. Dette har vorte etterlyst. Tid så snnart som råd er i september - oktober.

Det kom fram ynskje om uoffesiell brukshundprøve i 2006. Eit positivt tiltak som me bør prøva å få til! Då har me også noko konkret å trena på.

4: Tirsdagstreningane
Det har vore få hundar på tirsdagstreningane i sommar - vått vær har kanskje mykje av skulda, men det vart etterlyst meir organisert trening - samstundes som det vart etterlyst at desse samlingane kan vera ein sosial samlingsplass utan organisert trening. Begge deler er ikkje råd på ei og samme tid, så me må halde fram med at dei som ynskjer berre det sosiale tek dette før eller etter den organiserte treningane, eller ein av dei seks andre kveldane i veka. større aktivitet er berre positivt!

Treningane vert flytta fram til 18.00

5: Turorientering
Det er seld ca. 12 kart. Me har berre fått positive tilbakemeldingar bortsett frå ein manglande post på eit par av dei første karta. Dette skal me fortsetje med til neste år også! Men då prøver me å få postane opp tidlegare og få fleire til å setje opp postar. I år var det ein sein vår som laga problem.

Desse har ansvar for å ta ned postane:
Rune - Liholet og Heggmyrane
Liv Nystuen - Jostedal
Inger - Røneidsmarka
Jan Nystuen - Hillestad

6: Agility
Det vart sett av kr. 3.000 til innkjøp av hinder i år. Desse er ikkje kjøpt inn, så me har vinteren på det. Kanskje nokon kan hente hindera i samband med utstillinga på Vikingsskipet? Rune tek med seg mønet og legg på filt. Lillian hjelper til med å finna rette mål.

Det kjem kanskje ein tysk agilityinstruktør på besøk til kommunen i oktober. Ho har då tilbudt seg å halda kurs for nybegynnarar. Innkalling til dette skjer på kort varsel. Instruksjonen vert på engelsk. Interesserte bør melda si interesse til Inger sli kat det kan kallast inn på telefon eller mail.

7: Treningsområdet Kloppi
Det må ordnast med gjerde mot gravplassen før neste vår.
Plassen har vore svært våt i sommar så det bør arbeidast med ein alternativ stad som har bedre grunnforhold.

Neste styremøte må vera i oktober før søknadsfristen for prøvar går ut. Vigdis kallar inn til møte

Styremøte 30.05.05

På Rådhuset. Til stades: Karen, Lillian, Vigdis, Inger, Åsmund og Rune

Lustrahunden i bronse-sølv-gull
Me må avtala "eksamensdatoar" for Gunnar. Det vart starta opp å utforma reglar for Lustrahunden i gull. For sølv og gull må det vera minst ei vekes påmeldingsfrist. Det er ynskjeleg med prøve i august-september. Inger avtalar dato med Gunnar

Det vart informert om sporprøven 4-5 juni, utstillinga 17 juni, turorienteringa.

Det kom fram ynskje om eige web-side for hundeklubben.

T-skjorter
Rune arbeider vidare med dette.

Neste styremøte ca. 20 august. Vigdis kallar inn.

Styremøte 21.02.05

Hjå Karen. Til stades: Karen, Mette, Vigdis, Inger, Åsmund og Rune

Aktivitetar 2005
Sosiale turar med hund -
Åsmund er ansvarleg og orienterer minimum ei veke før turen kvar og når den vert
Blodsporkurs - Vigdis spør Andreas
Turorientering - 10 postar + 10 tenger vert kjøpt inn
Uoffisiell utstilling - Mona er ansvarleg. stad: Fortun. Me spør om Anne Katrine bøyum vil vera dommar. Vigdis melder seg som skrivar. Det vert løyvd kr. 1000.- til oppstart/annonser m.m. Grillin om kvelden? Kan 4H ha kiosk? Lydigheit?
Agilityhinder - kr. 3.000 - 2 hoppehinder. 4 stemde for og 1 i mot. Karen bestiller.
Søknad om spesielle tiltak: turorientering, brukshundkurs

Innkjøp T-skjorter - Mette sjekkar

Kva hundar har medlemme våre som er busett i kommunen?
Ved ein rask gjennomgang over det styret hadde kjennskap til er det 
22 med gjetarhund
4 med spisshund
3 med terrier
6 med drivande hund eller dachs
6 med ståande fuglehund
14 med spaniel eller retriever m.m.
7 med miniatyrhund
4 med blandinsghund

Fordelt på ca. skulderhøgde er det 22 medlemmer som har hundar under 45 cm, 26 i storleiken 45-55 og 12 over 55 cm.

Neste styremøte tirsdag 12 april

Årsmøte 9 februar 2004

Det møtte 17 - 11 med stemmerett

Rekneskap - godkjent

Budsjett 2005
Innkjøp av hoppehinder
kr. 2.500 9 stemde for - 2 stemde mot
Innkjap av agilityhinder kr. 5.000 + tilskot frå kommune. 5 stemde for og 5 stemde mot
Faglitteratur til biblioteket kr. 1.600
Tilskudd brukshundkurs kr. 1.000
Støtte flaumoffer kr. 1.000
Turorientering kr. 3.000 8 stemde for og 3 mot

Årets mestvinnande:
Beste hund totalt NVCH Desperados Qandis
til Inger Handegård (7 stemmer)
Nr. 2: NUCH Klokkarsteinens Odin til Jan Inge Skjerven og NUCH NVCH Desperados Odessa til Inger Handegård fekk 1 stemme kvar
Beste junior Kiwa til Karoline Nyløy (7 stemmer)
Nr. 2: Jeanette Skjerven

Det vart 6 stemmer for og 3 mot for å avslutta den årlege konkurransen om årets mestvinnande.
Grunngjevinga for å slutta konkurransen er at den ikkje er ei gulrot for den vanlege medlem lenger

Det var informert om brukshundkurset, om redningshund, me hadde to dyrlegar som informerte og me hadde ei uhøgtidleg konkurranse. Det vart servert pizza og brus på klubben si rekning.


Ingen medlemmer har meldt seg til å laga agilityhinder. Klubben har søkt tilskot frå Luster kommune. Det vart einstemmig vedteke å kjøpa inn agilityhinder i samsvar med søknad til kommunen

Instruktørkurs
Pris 6-10.000 kr. Målet er at eit slikt kurs er sjølvfinansierande. Det må søkast om støtte.

"Lustrahunden"
Det vart vedteke å laga "diplom" med bilde

2004

Årsmøte 16 mars 2004

Det møtte 13 med stemmerett

Rekneskap - godkjent

Innkjøp av agilityhinder
Ingen medlemmer har meldt seg til å laga agilityhinder. Klubben har søkt tilskot frå Luster kommune. Det vart einstemmig vedteke å kjøpa inn agilityhinder i samsvar med søknad til kommunen

Instruktørkurs
Pris 6-10.000 kr. Målet er at eit slikt kurs er sjølvfinansierande. Det må søkast om støtte.

"Lustrahunden"
Det vart vedteke å laga "diplom" med bilde

2003

Årsmøte 12 mars.03 på banksalen i Gaupne

Det møtte 11 - alle hadde stemmerett

Årsmelding vart godkjent med ei retting. 
Urja's Danka Dari vart godkjent ettersøkshund med Jane Nybø Torgersen som førar.

Regnskap vart godkjent Fjoråret gav eit overskot på kr 851. Klubben har no kr. 62.000 på bank

Det vart delt ut gåvekort til årets debutant + årets junior + til alle vinnarar i kunnskapskonkurransane i bladet.

Det vart semje om å ha kontaktpersonar innafor ulike aktivitetar.
Fylgjande melde seg frivillig på årsmøtet:

Gjetarhund: Per Høyheim, Høyheimsvik Tlf: 57 68 54 60
Brukshund: Jane Inge skjerven, Hafslo Tlf: 57 68 46 48 E-post: ji.skjerven@c2i.net
Agility: Karen Moe, Gaupne Tlf: 57 68 13 42
Blodspor/ettersøk: Vigdis Vigdal, Jostedal Tlf:
Lydigheit + instruktørutdanning + jakt spaniel: Inger Handegård, Gaupne Tlf: 57 68 12 62
Uoffesiell utstilling 2003 og utstillingstrening: Jane Nybø Torgersen Tlf: 57 68 41 67

Val:
På forrige styremøte hadde me sett opp eit feil personar som var på val.Fylgjande var på val: Gunnar, Jane, Karen og Andreas. I tillegg yngste Helge å trekkja seg då han ikkje har hund lenger. Eva ynskte å trekkja seg som leiar.

Det nye styret vart slik:
Leiar: Inger Handegård, Gaupne Tlf: 57 68 12 62
Nestleiar: Eva Røneid, Gaupne
Sekretær: Vigdis Vigdal, Jostedal
Kasserar: Karen Moe, Gaupne
Medlem: Jan Inge Skjerven, Hafslo
Vara (vald for 1 år):
Gunnar Eikemo, Hafslo
Jane Nybø Torgersen, Hafslo

Etterpå var det kaker, kaffe og brus. Styret takkar spesielt dei to juniorana + nye ansikt for frammøtet!

Styremøte 30.januar.03

Til stades: Inger, Eva, Helge, Gunnar, Jane, Karen

Valet: På val i 2003: Helge, Inger og Andreas (vara). Helge og Andreas har sagt dei vil trekka seg ut av styret. I tillegg har Eva sagt at ho vil trekkja seg som formann. Formann kan veljast kvart år. Sidan me ikkje har vald valnemnd på årsmøtet fungerer styret som valnemnd. Styret legg fram forslag til nytt styre saman med innkallinga til årsmøtet.

Mail i frå Robert Brenden ang. årets Lustrahund: Styret sler fast at det tidlegare er gjort vedtak av årsmøtet at beste Lustrahund skal vera busett i kommunen/eig av Lustring. Statuttane kan endrast av årsmøtet. Styret meiner at det også bør inn krav om at førar/utstillar skal vera eigar eller familiemedlem. Målet med denne konkurransen er å stimulera hundeeigarar i kommunen til å jobba med sin hund. Klubben har i dag medlemmer busett i fleire kommunar og i Sverige. Alle er sjølvsagt velkommen som medlem!

Styret legg fram framlegg til utrekning av poeng fram på årsmøtet.

Lustrahunden: Kjem ut i slutten av februar. Skal innehalda årets mestvinnande, årsmelding, rekneskap og innkalling til årsmøtet. Alle er ansvarlege for å senda inn stoff.

Kvelpekurs: Inger har eit kurs. Fleire har spurt etter eit slikt kurs. Kurset vert annonsert gjennom jungeltelegrafen + oppslag på fleire butikkar. Kjenner du nokon som har kvelp gir du denne beskjeden vidare.

Interessegrupper: Det var stor semje i styret om at me lagar interessegrupper innan jakt – agility – spor – lydigheit – bruks – redningshund osv. Kvar av gruppene får sin leiar som har ansvar for drifta. Det vert sett av pengar i budsjettet. Gruppene styrer ellers seg sjølve – men må rapportera til styret og medlemsbladet.

Helgekurs med Tove Husebråten: Karen før opp dette og held kontakten med Tove.

Utstillingstrening: Når det vert lysare om kveldane vert det lagt inn utstillingstrening dei faste treningskveldane tirsdagane utanfor parken i Gaupne. Dette vert i god til før utstillinga i Bergen (NKK) og Førde.

Uoffisiell utstilling: Jane har ansvar for framdrifta. Inger hjelper til med dommar. Anne Bøvelstad vert spurt først.

Blodsporprøvar: P.g.a missforståalsar og dårlege rutinar vart det ikkje søkt om blodsporprøvar i 2003. Luster hundeklubb vil difor samarbeida med spanielklubben som har både ordinær og bevegeleg blodsporprøve i kommunen.

Agilitybane – 1000 års parken: Inger informerte og sender kart med banestørrelse (som ho får frå Karen) til nemnda med kopi til kommunen.

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Inger sender inn innspel.

Møte om bedre ungdomsmiljø i kommunen 13. februar kl. 19.00: Inger møter med alle i styret vert oppfordra til å møta.

Søknad om tilskot frå Luster kommune og Luster sparkebank: Frist kommunen er 1. mars. Karen og Eva har hovudansvar for å få av garde søknadane. Inger lagar naudsynte vedlegg.

Årets mestvinnande: Vart kåra på møtet men vert ikkje presentert for medlemmene før i medlemsbladet!


2002

Styremøte 1. oktober-02
Eva, Karen Jane og Inger møtte. Meldt fråfall: Gunnar, Andreas og Helge

Saklista var lang - men me fekk gjort mykje på vel to timar.

Blad til jul? Alle var einige om at dette er svært viktig og det vart fordelt i styret kva dei enkelte skal skriva om. Me ynskjer gjerne annonser. Pris for firma er kr. 500 pr halvside!!!

Årets mestvinnande: Det vert sett krav til at resultat må sendast inn skriftleg til Karen før fristen 11. januar. Det står noko anna i Hundesportspalta som kjem til jul - men dette er ikkje noko stort problem.

Aktivitetar hausten 2002 var eit viktig tema:
Det vert medlemsmøte med tema innlæring og trening av hund samt nybegynnarkurs/kvelpekurs. På grunn av få instruktørar fekk med Tove husebråten til å stilla opp på helgekurs. Me kjem attende til dato på heimsida vår og ved annonse i Sogn avis når me veit når ho kan komma. Maks pris for helgekurset vert kr. 500.-

Agilitybane: Me fekk ikkje eit einaste svar på annonsa vår etter brukt bane i Hundesport. Me ynskjer å prioritera innkjøp av baner og prøver no å få kjøpt (deler av) ny bane.

Klippekurset 2002 Kurset har vore vellukka, men ein deltakar har dessverre enno ikkje fått sin kveld med stell av eigen hund.  

Søknad om prøvar 2003:
Klubben søkjer om bevegeleg blodsporprøve, fersksporprøve og ordinær blodsporprøve 31. mai. Denne prøven vert ein dobbeltprøve i samarbeid med spanielklubben. Ansvarleg for den ordinære sporprøven vert Helge Alme.

Årsmøtet over jul vart diskutert. Ein i styret ynskjer å gå ut, ein ynskjer å få endra arbeidsoppgåver. Me er alle einige om at me sårt treng nye styremedlemmer med andre hovudinteresser enn spor og jakt! Me håpar at dei som kan tenkja seg eit styreverv for to år og jobba for sine interesser tek kontakt med styret snarast!

Styremøte 12.03.02
Inger, Jane, Helge, Gunnar, Eva og Andreas + Gaia og Qandis møtte.
Hovudsaka på dette møtet var sporprøvane 1-2 juni. Dommarar vert Helge Alme og Svein Granli. Det har alt begynt å komma påmeldingar - så det er viktig at alle som ynskjer å vera med på desse prøvane melder på + betalar før påmeldingsfristen går ut!
Nye premiar: Det vert bestilt 50 drikkeglas med klubben sitt emblem.

Årsmøtet 13.02.02
Det møtte 8 medlemmer - alle hadde stemmerett.
Årsmelding og rekneskap vart godkjent.
Styret vert som for i fjor.
Årets mestvinnande 2001 vart kåra. Desse vert presentert i Lustrahunden. For mestvinnande i år 2002 vart det bestemt at Eva Røneid har ansvar for pokalane og at Karen Moe har ansvar for å ta i mot resultat. Som vi år vertdet sett ein absolutt siste frist for innsending av resultat.
Årets junior (under 20 år) og årets debutant: Dette vert to nye konkurransar for medlemmer busett i kommunen. Målet er å inspirera unge og uerfarne til å jobba aktivt med hunden sin. Vinnarane får eit inngravert glas til odel og eige. ein kjem attende til statuttar.
Sporprøvane 2002: Inger, Helge og Andreas har ansvar. Vidare ansvarsfordeling vert fordelt på seinare møte.


2001

Styremøte "light" 19.12.01 Berre Karen, Eva og Inger møtte
Nytt frå klubben: Det vart skrive på konvoluttar, klistra på frimerker, bretta nyheitsbrev og lagt inni bankgiroar for betaling av medlemskontigent til alle medlemmene i klubben + nokre som me veit har fått kvelp i det siste.
Det vart diskutert og orientert om: Agilitybane, instruktørkurs, medlemsblad/årbok, årsmøte, Hundesport-spalta.
Me hadde god mat og drikke...

Brev frå Luster kommune 23.11.
Klubben har fått kr. 2.500 i tilskot til dei tre hundane som deltok på NM-blodspor.

Styremøte 25.09.01 - heile styret møtte.

Blodsporprøver - ordinære:
Me søker om to eindagars prøvar: 1-2 juni og 31 aug-1 sept. 1. juni og 1 september vert spanielklubben sine prøvedatoar slik at det vert to prøvar ei og samme helg.
Blodsporprøvar - bevegeleg:
Samme datoar som i fjor - men det vert to prøvar i samarbeid med Norsk Spaniel Klub. Andreas, Magne og Helge (når han vert godkjent) dømmer vår prøve, Arild og Inger dømmer NSK-prøven.
Fersksporprøve - bevegeleg:
Prøvedatoar vert (ikkje fastsett enno)

Framlegg til Luster kommune om å endra bandtvangen i kommunen
frå 15 oktober for hundar på lovleg jakt til 1. oktober. Gunnar arbeider med saka og søkjer fleire samarbeidspartnarar.

Styremøte 21.08.01 - heile styret møtte.

NKK-klubbadresse på internett.
Helge prøver å ordna dette slik at alle i styret får NKK-mailane direkte heim. (Dette er no ordna og fungerer utmerka!)

Agilitybane
Karen og Jane tek på seg arbeidet med å prøva å få til bane. Karen set inn annonse etter brukt bane i hundesport.

NM-blodspor 2001
Klubben har søkt om reisestøtte. (Og denne er no innvilga - deltakarane sjølve må dokumentera reiseutgiftene)

Trinn II jaktinstruktør
Inger har vore på samling og informerte om dette.

NKK-oppdrettarpris
Eva har kontakta aktuelle oppdrettarar. Klubben sender inn anbefaling for den som har dokumentert oppdrettet sitt i over 10 år.

Aktivitetar
Først og fremst vert dette å få til eit blad til jul! Alle har eit ansvar her!