For aktivitetar
i perioden 2005-2010 - gå til denne sida



4. juni
Tre kurs
er no avslutta - dette er kvelpekurs nr. 3
Sjå fleire bilder her.
13. mai
14. mai
kl. 18.00 er det uoffisiell lydigheitskonkurranse på Nes
9 hundar
er påmeldt for dommar Tommy Haukeland. Etter prøven vil han
trene sin eigen hund, ein "staffe" som går i eliteklasse. Nytt
høve til å sjå kva ein hund skal (bør) gjera på ein
lydigheitskonkurranse. Me ber dei som vil sjå på om å ikkje ta
med eigen hund denne dagen, då berre hundane som er på prøve
vert sleppt inn på området. Sal av mat og kaffi.
Referat og bilder
kjem snart!
Det vert starta lydigheitsgruppe i
klubben. Første arbeidsmøte vert tirsdag 20. mars kl. 19.00.
Les meir her.

Dei to
kvelpekursa som er avslutta våren 2012.
I tillegg var den 11-hunden med, men den
braut dessverre foten midt under kurset, og må derfor få eit
seinare kurs.
Frå toppen:
Lillian Moseng med mellompuddel Mico
Helena Skår og Kjetil Aarsland med rottweiler Balder
Irene Neset og ? blanding BC-rottw-dober-grand-labrador Frøya
Elisabeth Iversen, Ole Stian Hovland Ailo + datter ? med
portugisisk vannhund Ailo
Wenche Helen Berg med blanding puddel/toller Baltazar
Eivind Sterling Torstad med blanding
BC-rottw-dober-grand-labrador Lexie
Åse Flugheim blanding BC-elg-tervuren Kira
Elisabeth Skår og Eivind Ertsvåg blanding BC-staff-svart elgh
Tinka
Renate Skophamar engelsk mastiff Gabrielle
Kari Hilde Skjæret og Loui Anda samojed Arja
-----------------------------------------------------------------------------------------
Instruktørane våre - Mona Nyløy og Inger Handegård - har
vore på instruktørsamling i Førde Dette var ei svært lærerik og inspirerande samlingar der
instruktørar frå heile fylket var samla. Me vart oppfordra å ta tak i kvelpekursa våre og utvida det
arbeidet me alt har starta på som går på kurs for den nye
hundeeigaren/unge kvelpen.

Frå årsmøtet 2012 med jubileumsmiddag - avtroppande og
påtroppande leiar.
2011

Kvelpesosialiseringa i desember
Fire kvelpar er
med - ein frå Luster, ein frå Sogndal og to frå Leikanger. To
labradorar, ein mellompuddel og ein chinese crested powder puff.
Framme frå venstre ? med labrador, Anne Katrin Bøyum med
labrador ?, Monica H Fredheim med chinese og Lillian Moseng med
mellompuddel.

Jolemøte 9.
desember på rådhuset i Gaupne kl. 18:00
Me hadde pizza og Asbjørg tok i mot påmelding.
13 stykker møtte og me hadde ein kjempekjekk kveld.
Alle tok med ein gjenstand til ca. kr. 50 til utlodding – eller
betalte kr. 50 for dekking av mat. Inntekt på utlodding går til
dekking av mat og premiar til jolequiz. Inger hadde quiz og Asbjørg
vant quiz-boka. Gratulerar! Fagtema
for kvelden var fôring av hund og det var Inger snakka om fôring.
Alle som møtte fekk med seg ei lita prøvepakke på Purina Pro Plan.
Medlemsmøte 17. oktober på rådhuset i Gaupne kl. 19.30 - 21.30
Tema: Korleis læra ein hund ulike ting og korleis belønna
den, slik at den gjer det me ynskjer oftare.
Møtet er spesielt retta mot nye hundeeigarar og for deg som har lyst å lære
meir.
Inger går gjennom alle dei viktigaste grunntinga ein hund bør kunna. Leik -
belønning - sitt - dekk - kom - apport osv.
Metoden er positiv belønning og du får ei kort forklaring på korleis du skal
starte å trene med din hund og frem til og med lydigheit klasse II. Denne
måten å trene på er besis uansett om du vil drive med agility, lydigheit,
jakt, trix eller "berre" ha ein velfungerande familiehund. Du som enno ikkje
har fått deg hund er også velkommen.
Du som ikkje er medlem av klubben vår
enno? Du er velkommen du også - men sjølvsagt håpar me at du vil verta
medlem!
9 personar møtte.

Vellukka
aktivitetsdag på Nes 2. oktober.
20 ekvipasjar var igjennom postane våre, flott å sjå heilt nye
folk i tillegg til dei gode " gamle" . Ein veldig vellykka dag.

Det vart eit vellukka klubbmeisterskap i
agility med 11 startande hundar
Frå høgre: Vinnar stor
klasse og Klubbmeister 2011: Ann-Kristin Teigen & Costa (pinscher)
Vinnar mellom klasse og beste junior 2011: Emma Nyløy & Busy (shetland
sheepdog)
Vinnar liten klasse: Jane Nybø Torgersen & Sofie (toypuddel)
For
premieliste og fleire bilder - sjå her.

Me har fått to
nye kvelpar med på kvelpesosialiseringa. Det er Nina Solvi
med storpuddel navn ? (så var det meg og navn, då...) og
Geir Fossnes med cavalier king charles spaniel navn?

Dette er den
trivelege gjengen som starta på kvelpesosialisering i dag
15. september.
Frå venstre Malin Torgersen med toy puddel Sanna, Mari
Jansen med staffordshire bull terrier Troya, bak medeier
Frode Kvåle, Maria Vigdal med cairn terrier Ariel og
"sjåfør" Mariann Vigdal.

Det var kø på
Nes i kveld. Etter kvelpesosialiseringa stod denne gjengen
klar for å trene freestyle. SUPERT med stor aktivitet i
klubben!

Referat frå
agilitykurset 20-21. august
Helga 20-21 august var det agilitykurs med Line Coucheron. Det
var 7 deltakare, alle frå Luster Hundeklubb: Stine Eidsslott
Svinø og Ossi, Ann Kristin Teigen og Costa, Reidun Elle og
Hulda, Marcus Leirdal og Troy, Emma Nyløy og Busy, Malin
Torgesen og Sofie (Malin var sjuk søndag og er difor ikkje med
på bildet) og Mona Nyløy og Kiwa. I utgangspunktet var dette eit
handlingskurs, der me skulle lære oss forskjellege teknikkar på
korleis ein kan føre hunden på ein raskast og best mogleg måte.
Eit slikt kurs forutsetter vanlegvis at hunden er fortruleg med
aller hindera, men Line sa seg villeg til å ta med også ferskare
ekvipasjer, så dermed vart dette ein blanding av både
vidarekomne og nybegynnare.
Alle jobba med same banar, men for dei ferske, vart det meir
belønning undervegs, mens andre kunne køyre på med lengre
kombinasjonar. Dette er vårt første kurs med ein nesten komplett
bane, og det gjorde da ekstra moro:-) Me fekk mykje skryt for
området, og Line var visst litt misunneleg på den flotte
grasbana.... Dei vidarekomne ekvipasjene, som har hatt 2 kurs
med Line før, fekk vite at dei hadde hatt tydeleg framgang sidan
sist; det var kjekt å høyre, og betyr at me trenar rett:-) Line
er utruleg engasjerande, og sit inne med mykje kunnskap, som ho
villeg deler med alle:-) Samtlege ekvipasjer hadde stor framgang
i løpet av helgi, og det var ein gjeng slitne, men fornøgde
hunder og eigare, som avslutta kurset søndags ettermiddag, og
alle fekk med seg gode tips til vidare trening framover.
Laurdags ettermiddag fyrte me opp grillen, og hadde ein triveleg
og sosial avslutning på dagens økt! Er sikker på at alle kosa
seg og tykte at dette var kjekt:-)
Mona

Agilityoppvisning på Olsokmarknaden
i Fortun søndag 31. juli
Luster hundeklubb hadde
oppvisning på Olsokmarknaden i Fortun. I strålandes solskin
og trykkandes hete stilte mange av medlemmane opp for å
representere klubben. Det var 6 hundeførara med tilsaman 9
hundar som laga god stemning for dei tilskuarane som fann
vegen opp til grendahuset i Fortun. Det var ein lett
blanding av hundar med ulik
erfaring. Nokre nybyrjarar og andre som er med på
konkuranser, felles for alle var at dei hadde det utruleg
morosamt og fekk visst fram noko av aktiviteten som me har i
Luster hundeklubb.

Det er mange
år sidan klubben arrangerte klubbmeisterskap i lydigheit. det
var derfor spennande å sjå kor mange som meldte seg på, sjølv om
meisterskapet var midt i juli. Dommar var Yvonne Keeve frå
Tyskland som var i Gaupne/Norge for å halde lydigheitskurs for
spanielklubben i fylket. Yvonne snakkar og forstår litt norsk,
er god på engelsk og hadde god hjelp av ringsekretær Anne Katrin
Bøyum og skrivar Jane Nybø Torgersen.
Sidan det
ikkje var venta alt for stor deltaking på dette
klubbmeisterskapet vart det også opna for at ikkje-medlemmer
fekk delta. Sidan me fekk lov å belønna hundane våre mellom kvar
øvelse vart dette ei fantastisk flott og motiverande
konkurransetrening også for dei firbeinte.

Foto over:
Tannvisning i klasse I. Kari Grethe med den flotte blomekransen
ho laga. Premiane - det vart premie til alle som deltok. Dei tre
beste på prøven kom alle frå Luster hundeklubb. Frå venstre
Inger Handegård med Desperados Xmilla (klasse II), Eva Røneid
med Narjanas filosophia (klase I) og Emma Nyløy med Smedhaugens
busy Babe (klasse I og beste junior).
Yvonne var
ein triveleg dommar som leita lenge for å finna 0-ane på blokka
si. Ho klarte å få mange til å slappe av i ringen og det vart
også mange svært gode resultat. Dessutan fekk me mykje skryt
over det jamne og gode nivået på hundane våre. Kari Grethe
Svensøy var på besøk i Gaupne og laga ein flott blomekrans til
klubbmeisteren.
På
appellmerkeprøven starta to hundar - begge klarte prøven. I
klasse I starta 6 hundar - 3 fekk 1. premie og 3 fekk 2. premie.
I klasse II starta tre hundar - 1 fekk 2. premie og to fekk 3.
premie. I klasse III starta 1 hund - og det haldt ikkje til
premiering.
Her finn du
premielista.

Nybakt
klubbmeister Eva Røneid med labrador retriever Narjanas
Filosophia og dommar Yvonne Keeve. Ho kom rett frå kvelpekassa
og har difor ikkje fått vore med på fellestreningane i sommar.
Kvelpane vart levert og så bar det avgårde på både sporprøve og
lydigheitsprøve - men suksess i begge! No ynskjer me Eva og
Freia lykke til på offisiell lydigheitsprøve som dei har planar
om å starte på i haust.

Blodsporprøve i Fortun onsdag 13.07.2011
Dommar og NKK rep. Andreas Otterhjell. Prøveleiar
Torill Otterhjell. Sporleggarar Andreas og Torill Otterhjell.
Det var 7 startande
hundar inkludert reservehunden. Det vart utdelt 6 x 1. premie, 3
x HP og 1 x 2. premie.
Imponerande resultat, med andre ord! Som tidlegare år har
Andreas og Torill gjort ein glimrande jobb og laga ein flott
prøve. Denne gongen hadde me også to danske deltakarar.
Prøvens beste hund labrador retriever SEVCH Brown Hunt`s
Dusty til Peter Kristensen, Danmark
Nr. 2 engelsk springer spaniel Desperados Zelda ført av Lars
Gunnar Røneid, Årdalstangen
Nr. 3 engelsk springer spaniel NSVCH Desperados Tingeling -
denne gongen ført av Anne Katrine Bøyum, Leikanger
Øvrige med 1. premie (urangert):
engelsk springer spaniel NVCH Desperados X-File til Håvard
Heimtun, Svelgen
labrador retriever NVCH Narjana`s Filosophia til Eva Røneid,
Gaupne
labrador retriever SEVCH Brown Hunt`s Puzzel til Søren Condrup,
Danmark
2. premie til østsibirsk laika R/S Nero til Trond Rune
Flikki, Luster
Begge dei danske
labradorane og Zelda fekk den nødvendige premieringen for å
verta NVCH på denne prøven - MEN då alle tre hundane manglar dei
utstillingspremieringane som vert krevd for å få denne tittelen,
må dei vente med championatsløyfe og tittel til desse
premieringane er på plass.
STOR gratulasjon til mange flotte resultat og takk for eit flott
arrangement.
For fleire bilete frå prøven sjå her.

Fire med 1. premie på
blodsporprøven i Luster 23. juni
Frå venstre: Dommar Inger
Handegård. Prøvevinner med HP: NVCH Merjano’s Ally McBeal. Førar:
Marian Janet Nossen, Årland.
Nr. 2 med HP: NSVCH Desperados Tingeling. Førar: Elin Anita Gjerde,
Leikanger.
Nr 3: NVCH
Merjano’s Barbie Girl. Eigar: Søren Ørbeck Mo, Lærdal.
Nr. 4: Desperados Zelda. Førar: Lars Gunnar Røneid, Årdalstangen.
Dommar Helge Alme
2 hundar fekk 3. premie og 3 kom ikkje til sporslutt utan mykje
hjelp og fekk 0.

Referat
frå agilitykurset 18-19. juni finn du her.

Kvelpekurset våren 2011

Luster hundeklubb hadde
stand på Lustramarknaden 2011.
Standen var plassert på grasplenen ved rådhuset og her var det
sett opp ein liten agilitybane og forbipasserande kunne få
informasjon om klubben og sjå hunar i aktivitet. Meininga var å
vise freestyle på senen, men då Vikki var sjukmeldt, måtte dette
avlystast. sjølv om værgudane ikkje var samarbeidsvillige, var
det mange som var bortom standen og tilbakemeldingane er
positive. Takk til alle som hjalp til!

Klubbmeister blodspor: Andreas
Otterhjell med NVCH Desperados Venur
Les meir frå prøven her.

Kvelpesosialisering
ein våt maidag
Frå venstre
Anne Leirdal med border collie ......, Anne Katrin Bøyum med
labrador Kimsy, Anne Ma Hov Molland med cavalier Cinderella og
Einar Ese med wachtelhund Ulva.

Historisk bilde
mai 2011-
første trening på klubben sitt nye
område på Nes - tidlegare Nes camping
Området er no gjerda inn, graset er klypt, agilityutstyret kjem på
plass, det er rydda såpass inne at me kan halde mindre kurs/møte
der. Me har fått eit flott inngjerda område med plass til agilitybane og
lydigheitsbane.
Her er god parkeringskapasitet. Me har tilgang til toalett og ikkje
minst eit lite samlingslokale og ein overbygd veranda.
Dersom alle står på og bidreg litt kan me få det KNALL her! I
bakkant (bak sauegjerdet) er lydigheitsområdet.

Frå første dugnad
på klubben sitt nye treningsområde på Nes.
Påske 2011
Utstillingstrening
Gjennom invitasjon
på heimesida og gjennom Facebook vart det to treningar for dei som skal til
Naustdal. Første kvelden var det 4 som skulle stille ut, pluss ei som skulle
gå lydigheit. Bilde frå denne samlinga ligg på facebook. Andre kvelden var
det
8 hundar med + to som ikkje skulle på utstillinga. Me
hadde det kjempekjekt! Resultata på desse 8 som skal på utstilling og den
eine som skal stille i lydigheit vert lagt ut i etterkant. Me ynskjer også
dei som skal debutere i agility lykke til!
13. april
Ca. 10
medlemmer møtte på medlemsmøtet med informasjon om det nye
treningsområdet på Nes
13. april
Referat
frå agilitykurset 2-3 april finn du her

Kvelpesosialisering i
mars: Kvelpesosialisering i
mars: Fra venstre Anne Katrin Bøyum med labrador Juba Baluba, Arild
Gunnstein Lingjerde med tibetansk terrier Bama, Oddlaug Leirdal med
labrador Tico og Kira (den siste er ikkje med på bildet) og Kasper
og Benjamin Engen med "sprocker" Birk.

Årsmøtedeltakarane 2011 -
Foto: Malin Torgersen.
Mini-Freestylekurs i
februar med Marianne Aas som instruktør.
Klubbens første freestylekurs ble
arrangert 26. og 27. februar i år. Freestyle er en hundesport
der man selv fritt kan sette sammen ulike øvelser til musikk.
Freestyle ble en offisiell hundesport i Norge 1.1.2010 og det
ble i løpet av året arrangert flere konkurranser. Kurset var et
lite introduksjonskurs til freestyle hvor vi først hadde litt
teori rundt historikken til freestyle, hvordan man lager et
program og hva et program kan inneholde. Deretter gjennomgikk vi
mulige innlæringsmetoder for triks som at hunden går slalom
mellom beina, hunden går rundt seg selv, poteløfting, rygging,
sitte bamse og innlæring av target og hvorden den kan brukes. Vi
tok ut en og en hund som fikk jobbe med å lære nye triks.
Kurset var to timer hver dag og flinke deltakere var Stine med
Ossi, Emma med Busy, Eva med Freia , Mona med Doffen og Reidun
med Hulda. Marianne Aas holdt kurset.
For mer informasjon om Freestyle, se nettsiden til Norsk
Freestyleforening:
http://www.norsk-freestyleforening.no/ Her
finner du også filmer.

Frå
kvelpesosialiseringa i januar. Til venstre Emma Nyløy med sheltien
Diva, Gro Anita Engen og ? med "sprockeren" Birk og Tove Padlesak
med bichon havanais Linus (håpar eg hugsa rett namn...)
|