|
Om
klubben:
- Luster hundeklubb er ein
kommunedekkande klubb open for alle
hundeinteresserte.
- Klubben vart skipa i 1986.
- Medlemskontigent
frå år 2013 Klubbmedlem kr 110.
Husstandmedlem kr.150. Klubbmedlem Junior kr. 60 (Juniorar er
under 20 år ). I
tillegg må alle no vera direkte medlem i Norsk Kennel Klub. Denne
grunnkontigenten er kr. 170.- for ordinært medlem. Denne gunnkontigenten betalar kvart medlem berre ein gong, sjølv om dei er
med i fleire hundeklubbar.
- Klubben er samarbeidande med
Norsk Kennel Klub.
- Klubben arrangerer ulike
kurs og prøvar, medlemsmøte og samlingar.
- Mange i klubben er aktive
innan blodspor/ettersøk og utstilling. Fleire
har også starta på ulike bruksprøvar som
lydigheit, gjetarhundprøver, brukshundprøve, ulike jaktprøvar m.m.
- I den siste tida har
interessa for agility og freestyle auka
- Som medlem i klubben får du
tidsskriftet Hundesport frå Norsk Kennel Klub 10
gonger i året.

Vedtak gjort av
styret som styrer arbeidet i klubben og gruppene:
All aktivitet skal annonserast på klubben si heimeside
All aktivitet skal vera åpen for alle (unntak prøvar, vidaregåande kurs,
aktivitet retta mot ungdom)
Prisar kurs i 2013 ved bruk av
eigne instruktørar:
8 timar: kr. 400 (600 for ikkje medlemmer)
9-11 tuimar: kr. 600 (850 for ikkje medlemmer)
12-16 timar: kr. 850 (1150 for ikkje medlemmer)
Juniormedlem får kr. 250 i avslag på kurs som kostar kr. 750 eller meir.
Ikkje-medlem betalar kr. 300 meir enn medlemmer på kurs med innleigd
instruktør dvs. kurs som er dyrare enn kr. 750 for medlemmer.
Nøklar
Alle med instruktøransvar +
leiar/nestleiar får nøkkel til Nes. Depositum er kr. 200.
Alle nøklar vert ført i ei bok. Helge har bok og nøklar.
Nøklane skal vera nøytrale og IKKJE merkast med Nes
Utlån av området
Området kan lånast/leigast ut etter avtale med styret.
Det er viktig at det er aktivitet som er i samsvar med klubben sine
haldningar.

Frå årsmøtet 2012 med jubileumsmiddag - avtroppande og
påtroppande leiar.

Klubben
har treningsområde på Nes - les meir her
Ny
forskrift
om bandtvang for hund i Luster kommune
Fastsett av
Luster kommunestyre 21. juni 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74
om hundehald (hundelova) § 6 e).
§ 1. Eigar eller innehavar av hund i Luster kommune skal halda
hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå
og med 1. april til og med 1. november i dei områda der husdyr har
rett til å beita og faktisk beitar.
§ 2.
Denne forskrifta gjeld ikkje for:
a) dresserte gjetarhundar i arbeid
b) tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving
c) hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt
d) jakthundar som vert nytta under lovleg jakt, samt under lovleg
trening eller prøving og som blir følgd på forsvarleg måte av
eigar eller innehavar
e) hund nytta til lovleg uttak av rovvilt
f) organisert trening av brukshundar
§ 3. Brot på
denne forskrifta er straffbart, sjå lov om hundehald av 4. juli 2003,
§ 28.
§ 4. Denne
forskrifta trer i kraft straks.
Her
finn du debatten frå kommunestyremøtet 21.06.07
Link
til Hundeloven
|